JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Lågmælt biografi

Som biografi er boka på mange vis mønstergyldig, men verket til Kjell Aukrust kunne ha fått større plass.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5114
20210129
5114
20210129

Biografi

Sigmund Løvåsen:

Kjell Aukrust. En biografi

Cappelen Damm

«Eg er i ferd med å bli eit geni», ropte Honoré de Balzac då han kom på ideen til La comédie humaine – den enorme romansyklusen som inneheld eit heilt univers, ei eiga verd av personar gjorde levande der forfattaren skildrar dei frå ulike synsstader i bok etter bok. Det er eit godt stykke frå Rastignacs Paris til Flåklypa og Solan Gundersen, men Kjell Aukrust har greidd å gje oss ei oppdikta verd busett av karakterar som i strek og i prosa òg vert gjorde levande og har teke spranget inn i den norske folkesjela. «Genialt» er eit ord som vert nytta i Sigmund Løvåsens biografi, som kom til Aukrusts 100-årsjubileum i 2020, men rett nok særs sparsamt. Dette er ein lågmælt forfattarbiografi utan store ord, der den biograferte får spele hovudrolla medan biografen held seg i bakgrunnen.

Mønstergyldig

Resultatet er blitt eit varleg portrett av teiknaren, diktaren, radiomannen, reise- og bilentusiasten (og mykje meir) Kjell Aukrust. Som biografi er boka på mange måtar mønstergyldig. Det vonde og vanskelege er med, likså vel som det gode og enkle. Ikkje noko vert feia under teppet, heller ikkje farens lagnad då han vart dømd for landssvik og måtte gå frå posten som landbruksskulestyrar, noko sonen aldri heilt kom over.

Eit fyrste forsøk på å skrive biografi, den gongen av Jan Jakob Tønseth, vart oppgjeve fordi Kjell Aukrust sette seg mot framstillinga av landssviksaka. I Løvåsens bok vert alt gjort greie for, men utan å bli forstørra opp for å vekkje sensasjon. Gjennom heile boka held biografen seg til det som kan dokumenterast, godt hjelpt av Aukrusts eigen hang til å ta vare på skriftleg materiale frå heile livet.

Boka følgjer strengt ein kronologisk disposisjon. Oppveksten i Alvdal vil alle aukrustlesarar kjenne vel til. Derfrå gjekk vegen til teiknarskule og kunstutdanning i hovudstaden under vengene til førebiletet Henrik Sørensen. Ved Kunst- og handverksskulen fordjupa Aukrust seg i reklameteikning. Ønsket om å gå vidare til Kunstakademiet fall bort av seg sjølv då akademiet vart nazifisert, men Aukrust studerte ei tid på eiga hand. Eit landskapsmåleri i Sørensen-stil nådde opp til Haustutstillinga i 1945, men snart tok arbeidet som teiknar og illustratør all tida. Verneplikt avtent i Mannskapsavisa skulle peike ut vegen til det som skulle bli Aukrusts unike heilskapskunstverk: Flåklypa i tekst, teikning, film, ballett og teater.

Løvåsens bok skil seg frå andre forfattarbiografiar på den måten at ho gjev brei plass til dei materielle sidene ved forfattarskapen: tilhøvet til forleggjarar, kontraktar, royalties. Forfattaren dreg på si eiga røynsle som tidlegare leiar for Den norske Forfatterforening til å gje innblikk i ei verd som er ukjend for dei fleste. Vonde konfliktar om royalties og kontraktar – særleg med Caprino-familien – vert grundig utgreidde. Korleis Aukrusts livsverk i høg grad avhang av støtte frå andre, vert like grundig klårlagt. Forleggjaren Peder W. Cappelen vert særleg tydeleg, og framfor alle kona Kari, som forfattaren – med utvilsam rett – lèt stå fram som ein lysande person der ho med usvikeleg lojalitet tek ansvaret for alle dei praktiske sidene av livet som Kjell Aukrust sjølv berre hadde måteleg evne til å ta tak i.

Verket

Men kvar vert geniet av, i ei livshistorie som her og der synest å løyse seg opp i ei rekkje trivialitetar? Det er ikkje god skikk for ein bokmeldar å krevje at forfattaren skulle ha skrive ei anna bok, men i dette høvet ligg det nær. Med eigen bakgrunn frå Østerdalen og gjennom sin eigen forfattarskap skulle Sigmund Løvåsen vere særleg godt kvalifisert til å gjere det han i denne boka vik tilbake for, og det er å gå inn i verket og ikkje berre i mannen.

Biografien han har skrive, lèt oss sitje att med eit paradoks, ei uløyst gåte: Alt som Aukrust voks opp med og gav seg inn på i unge år, peikte i motsett lei av den han seinare vart dregen inn i. Den høgstemte poesien til farbroren Olav Aukrust, den nasjonale bygderomantikken som dreiv fleire i familien i famnen til NS, Henrik Sørensens kjenslefylte naturidylliske måleri, reklameverdas glatte overflatekunst som hadde synt seg tenleg for nazistane. Alt dette stilte Kjell Aukrust på hovudet. Og er det ikkje nettopp dette som gjer Aukrusts oppdikta verd til noko meir enn berre ei samling av morosame skisser og risper frå folkelivet?

Vi ynskjer oss ei bok til, der forfattaren analyserer korleis Kjell Aukrust tok norskdomens høgkultur på alvor og vrei ut av han eit omvendt ironisk-karnevalistisk univers som har hatt så sterk verknad på lesarane og held på han framleis. Største rosen til Sigmund Løvåsen er at boka hans har synt oss at ei slik bok er naudsynt, og at Løvåsen er mannen til å skrive ho.

John Peter Collett

John Peter Collett er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Løvåsens bok gjev brei plass til dei materielle sidene ved forfattarskapen: tilhøvet til forleggjarar, kontraktar, royalties.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis