La oss tenkje oss at ...
For meg vert Severuds apologetiske essayistikk til ei openberring i kvart stykke.
Jon Severud opnar boka med ein apologi «for tvisynet».
Foto: Freddie-Ranum-Brandt
Sakprosa
Jon Severud:
Apologi for tvisynet. 13 forsvarstalar
Kapabel forlag, 2018
Jon Severud flyt litt på si tidlegare «gjenreise» av ferda Aasmund Olavsson Vinje skildra i Ferdaminni fraa Sumaren 1860, og opnar samlinga si med eit essay om tvisyn. Kva var vel «tvisynet»? Mange har rekna det som det nynorske idiomet for ironi, altså at ein er i stand til å sjå fleire opplevingar i éin og same ting eller hending, noko som vel også fører med seg at ein ser ting noko på tverke, litt annleis enn andre.
Det vil seie at ironi ikkje er «det motsette av det som vert sagt», slik det vert dosert i norske skular. Det handlar vanlegvis om noko som er til sides for eller annleis enn det som vanlegvis er forstått. Severud fylgjer opp denne tradisjonen. Men i staden for å gjere som Holberg eller Vinje og starte frå ei vanleg oppfatning, erklærer han frå første stund at han lagar apologiar.
Forsvarstalar
Altså forsvarsskrift. Holbergs «Forsvar for Fanden» er nokså godt kjent og syner den stoisk-essayistiske trongen til å setje vanlege oppfatningar på ende. Forfattaren strevar, ifylgje fyrste apologi, med å etablere eit grunnlag for at det skal lagast forsvar, og det handlar ikkje i liten grad om å finne eit «origo», eit dreiepunkt, som kan gje utsyn i fleire leier.
I litteratursoga finst det mange essay oppbygde som forsvarstalar, heilt frå Montaigne (1580) og Bacon (1613) til vår tid. Problemet er likevel at alt tittelen eller utgangspunktet gir svaret på det spørsmålet essayisten stiller. Sjølv er eg svært glad i stoiske og skeptiske essayistar som fyrst opnar ei sak, og når vi er komne til endes i teksten, har dei snudd opp ned på det vi trudde om henne.
Nye perspektiv
Vi får nye perspektiv, nærast umerkeleg lista inn, i tekstane om apologiens vesen, om tvisynet, om tavlebruk i skulen, om jernbanen, om gammal og ny teknologi, om røykjarane, om tysdagen, om Sicilia, skulemedisinen, jantelova, kommunismen, helvetet og baksida.
Det handlar om å få oss til å undersøkje det vi trur vi veit, og det vi kunne ha visst om eit emne. Så forsvarstalen er ikkje så mykje for dei einskilde sakene det er snakk om; det er eit forsvar for oss sjølve: Kva tenkjer vi om tilhøvet vårt til dei sakene som vert tekne opp?
For meg vert difor Severuds apologetiske essayistikk til ei openberring i kvart stykke: Det er ei utfordring til å tenkje nytt, kvar gong, og ei vellukka utfordring, utan at det er moralistisk, men kan hende med eit vel karsleg, bryskt uttrykk innimellom.
Denne boka ynskjer eg all mogleg lukke på vegen. Mange vil få små og store openberringar i lesinga av henne, så tett knytt er ho til daglege livsrøynsler, der litteraturen vev seg inn. Dette er skrivekunst med filosofisk ettertanke.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne boka ynskjer eg all mogleg lukke på vegen.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?