JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvinnehistorie frå dei siste 150 åra

Det er vissa om at vi har nådd langt, som gjer det til ein fest å lesa Norsk kvinnehistorie på 200 sider.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då sonen August var åtte månader gammal, tok olje- og energiminister Marit Arnstad han med seg på tenestereise til Saudi-Arabia.

Foto: Lise Åserud / NTB

6946
20210326
6946
20210326

Sakprosa

Hege Duckert:

Norsk kvinnehistorie på 200 sider. Fra forsørgede fruentimmer til skamløse jenter

Kagge Forlag

Det er kort tid sidan kvinnelivet var eit heilt anna enn i dag, og sidan vi var umyndige også her i landet. Frå Camilla Collett til dei skamlause arabiske jentene går ein raud tråd: ut av det tronge, overvakte rommet, inn i samfunnet, delta, bestemme over eige liv.

Duckert har leita fram både det kuriøse og det graverande: Grete Waitz sprang New York maraton i sko for menn, det fanst ikkje den slags for kvinneføter. Da likestillingslova vart vedteken i 1978, spurde ein reporter om det heretter ville bli slutt på mannskor. Gifte kvinner skulle ikkje stelle sjuke. Vi må tru at dei var meir vane med mannskroppen enn diakonissene, som kjende kallet og levde i sølibat. Legeyrket var lenge stengt, den første kvinnelege legen heitte Marie Spångberg og tok eksamen i 1893. At kvinner kom inn i yrket, hadde særleg mykje å seie for kvinner, barn og fattige.

Det at menn hungrar etter og ynskjer å dominere kvinnekjønnet, har ført til, og fører til, at kvinners radius er innskrenka, medrekna krav om å pakke seg inn i plagg som hindrar rørsler og gangsyn. Dette heiter å skjerme og verne om kvinnene. Rettferd tilseier at det er mennenes radius som bør avgrensast om dei ikkje kan te seg.

Kvinnekuppet

I 1901 fekk kvinner med inntekt eller formue stemmerett ved kommuneval. Men dei vart strokne av listene. Godt da at kvinnene i 1971 svara med same mynt. Kvinnekuppet bør feirast. Vi er nå i valåret 2021, 50 år er gått.

Det var høg sysselsetting blant kvinner i Noreg tidleg på 1900-talet, i 1910 jobba ein tredel, og så mykje som 60 prosent av dei ugifte. Men det varte ikkje: I 1925 vart LO ein pådrivar for at kvar familie berre skulle ha éin lønsmottakar. Einar Gerhardsen, da partisekretær i Arbeidarpartiet, bad Werna Christie om å seia opp jobben før dei gifta seg i 1932. Først i 1939 vedtok Høgsterett at giftarmål ikkje var lovleg grunn til å bli oppsagd.

Etterkrigstida var stordomstida til husmødrene og husstellskulane. Norges Husmorforbund nådde 70.000 medlemar. Men ein ulmebrann truga. Diktaren Marie Takvam, sjølv fanga i drabantbybetongen, skreiv at husmødrene var ei tikkande bombe. I 1970-åra fekk ho rett. Vi skjønte at det personlege er politisk.

Kvinnekampen rulla inn over landet, og vi som var så heldige å vera del av frigjeringsbølga i 1970-åra, hadde dei beste åra i vårt liv. Ein uvurderleg siger var lova om sjølvbestemt abort. Han glapp i 1974 med éi stemme, Otto Hauglin frå SV var mot lova og vart tunga på vektskåla, ikkje Carl I. Hagen som Duckert kjem i skade for å skrive. I 1978 var ikkje lenger Hauglin på Stortinget, og lova vart vedteken av Arbeidarpartiet og SV med éi stemme overvekt. Ingen frå dei andre partia stemte for lova. Høgrefeministane, som Duckert ikkje har funne plass til i boka, sat stille, sjølv om dei var samde med fleirtalet. Men dei arbeidde for likestillingslova.

Familiepolitikk

I dag kan vi knapt førestille oss eit samfunn utan barnehagar. Men for 50 år sidan fanst det særs få. Familiepolitikken, som hadde hatt magre kår, vart først skikkeleg politikk under Gro Harlem Brundtlands andre regjering, den såkalla kvinneregjeringa, med Grete Berget som barne- og familieminister.

Kvinnebøndene og fiskarkvinnene kunne fått større plass hos Duckert, sjølv om dei ikkje ropte høgast. Dei var det mange av for hundre og meir år sidan, under nemninga bondekoner og fiskarkoner. Og dei stod for det som til kvar tid er det viktigaste i samfunnet, maten vi set på bordet. Og for kleda – med å karde, spinne og veva, ikkje «karre» som det står i boka.

Eg går ut frå at ingen lenger kjem på jobb og blir møtt av nakne kvinner klistra på veggen. For ikkje å seia på trikken. I 1970-åra vart to kvinner oppsagde frå Oslo Sporveier fordi «de hadde revet ned reklameplakater for pornoblader i vognene sine», skriv Duckert. Ho nemner ikkje at bladet var Vi Menn. Det kan også føyast til at først i 2019 bestemte bladet seg for å kutte ut Vi Menn-piken. Nå fôrar vi barna våre med porno. 50 prosent av barn i alderen 13 til 18 år har sett porno på nett.

Oslo Sporveier måtte gje dei to kvinnene jobben tilbake, styret vart møtt av 5000 underskrifter, samla inn av ei rekkje kvinneorganisasjonar. Kvinner har ikkje gløymt å vise styrke når det trengst. 8. mars-toget i 2014 var igjen ein kraftig manifestasjon: Kvinner i Noreg godtek ikkje at styresmaktene innskrenkar retten til sjølvbestemt abort. Høgreregjeringa meinte at fastlegane skulle ha rett til å reservere seg mot å vise vidare til abort.

Mørk historie

Det er fint å bli mint om fenomen som fedrar med barnevogn, foreldrepermisjon, fedrekvote og partnarskapslov. For skuggar er her framleis. Metoo har henta meir av det fortagde fram i lyset. Heimen er, og har aldri vore, ein trygg stad for alle kvinner. Nokre overlever ikkje. Kvinnerørsla oppretta i 1978 Camilla Krisesenter i Oslo, det første i Norden. Nå har vi 50. Behovet fortel ei mørk historie, som er blitt mørkare i pandemiåret.

Carl I. Hagen kom med krasse åtak på aleinemødrer i 1989. Han kalla dei snyltarar. Overgangsstønaden gjorde at dei kunne vera heime med barna i opptil ti år. Dei fleste nøgde seg med to–tre år. Vi må tru han var vonbroten da Senterpartiets Marit Arnstad valde same vegen. Som olje- og energiminister tok ho sonen på åtte månader med på embetsreise til Saudi-Arabia. Duckert viser eit berømt bilde av Arnstad med sonen på armen saman med ein smilande saudisk kollega.

Kvinnene har erobra høgare utdanning. Men vi har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, og det skortar stadig på kvinner i høge stillingar både i det private og i det offentlege, og i styreromma der det ikkje er krav om kvotering. Likeløn er eit godt stykke unna. Av dei rikaste i landet er berre 27 prosent kvinner, og mennene blir stadig rikare.

Hege Duckert har lagt innsats i å gjera Norsk kvinnehistorie på 200 sider lett tilgjengeleg. Boka vekkjer kjensler og minne, og eg har oppdaga at i Noreg finst det stader der dei har onsdagsstengde skular og SFO. Det må kallast ein skikkeleg framstøyt for tvungen deltid. Og kanskje bør vi børste støvet av Bjørnstjerne Bjørnson. I 1877 gav han ut romanen Magnhild, som gjev støtte til ei kvinne som skil seg. Han fekk stor takk frå Amalie Skram, som gjekk frå sin skipskaptein. Norske jenter og kvinner med innvandrarbakgrunn seier dei kjenner seg att i Amtmannens døtre. Det kvinner og gode krefter har arbeidd for og oppnådd gjennom 150 år, er grunnlaget for at dei i sin tur kan frigjera seg frå tvang og undertrykkande tradisjonar. Kampen held fram.

Astrid Brekken

Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var i 1970-åra med på å skipe feministbladet Sirene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hege Duckert har lagt innsats i å gjera Norsk kvinnehistorie på 200 sider lett tilgjengeleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis