JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvifor Vesten drog frå resten

Terje Tvedt skriv om vatn og Vestens vekst.

Kartet syner alle vassvegane i England.

Kartet syner alle vassvegane i England.

Foto frå boka

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13231
20231020
13231
20231020

Sakprosa

Terje Tvedt:

Historiens hjul og vannets makt. Da England og Europa vant, og Kina og Asia tapte

Dreyer

Kvifor blei England ei global stormakt? Kvifor kom England sigrande ut av Napoleonskrigane og la under seg halve jordkloden i åra som følgde? Det er stor semje om at eit viktig svar ligg i den industrielle revolusjonen. Det var den som dreiv britiske handelsmenn og soldatar ut i verda og la grunnlaget for over 200 år med vestleg dominans.

Men kva var det som dreiv fram den industrielle revolusjonen? Dette er eit av dei viktigaste spørsmåla i moderne historie og samfunnsvitskap. Det har fleire svar. Og kvart svar har ideologiske overtonar: Dei som trur på svaret, trur ofte òg at dei har funne nykelen til utvikling og redninga for verdas fattigaste land.

Vasshjul, ikkje damp

Karl Marx, Max Weber og ei heil rekkje andre samfunnsvitarar har studert den industrielle revolusjonen og søkt å klargjere årsakene til han. Fleire forklaringar har nedfelt seg i sosiologi og økonomi som teoriar for vekst og utvikling. I Historiens hjul og vannets makt viser Terje Tvedt korleis fleire av disse teoriane kviler på ei stor misforståing: Dei trur at dampmaskinen var den drivande krafta bak den industrielle revolusjonen. Men det er ikkje sant, skriv Tvedt.

Bokas empiriske kjerne er ei tidsline som tydeleggjer bruken av dampmaskinen i transport og industri. Tvedt dukkar inn i teknologi- og industrihistoria for å syne kva slags energikjelder som var avgjerande for utviklinga av fabrikkar og masseproduksjon under den industrielle revolusjon – det vil seie i åra mellom 1760 og 1820. I denne perioden var det vassvegar og vasshjul som var drivkrafta bak ekspansjonen av britisk industri.

Tvedt byrjar boka si med å syne at England var velsigna med gunstige føresetnader for handel og industri frå naturens side. At landet var prega av særskilde topografiske og hydrologiske forhold: av rikeleg med små og rolege elvar som ikkje fraus om vinteren, og med ei vassmengd som var rimeleg konstant på grunn av stendig regn. Landskapet var flatt, slik at britane kunne byggje kanalar som batt elvane samen i eit tett nettverk av vassvegar.

Handel i Vest

Kanalbygginga gjekk stendig raskare gjennom 1700-talet og nådde eit klimaks mot slutten av den industrielle revolusjonen i den såkalla «kanalmanien» rundt 1800. Då låg så å seie kvar einaste engelske by ved ein vassveg. Byane kunne transportere varer til kvarandre med lekterar og elvebåtar. Og sidan England var ein sjøfartsnasjon, kunne råvarer og produkt skipast fram og tilbake mellom byar i England og forskjellige hamner kring heile verda.

Det var dette store transportnettverket som gav opphavet til den dynamiske marknadsøkonomien til britane (slik Adam Smith påpeika). Ikkje dampmaskinen (slik Marx påstod). Tvedt bruker fleire kapittel på å vise at England og enkelte andre land langs Atlanterhavets nordlege rand var velsigna med hydrologiske og topografiske føresetnader som andre regionar mangla.

Andre land hadde òg elvar, men det var ofte uråd å bruke lekterar, elvebåtar og skip på dei. Tvedt samanliknar England med Persia, India, Kina, Japan og fleire andre land. Alle hadde dei elvar, men desse var ikkje alltid eigna for transport. Dei var for stride, eller dei var breie floder som munna ut i delta og lett blei mudra opp, eller var utsette for store skilnader i tidevatn eller som fløymde over om våren og tørka inn om sommaren.

Elvane i andre land var ofte uskikka for transport. I staden blei vatnet i dei pumpa opp og fordelt over dyrkbar mark. Men dette skjedde berre der makta var sentralisert og det fanst ein stat som kunne organisere folk i store prosjekt og byggje og vedlikehalde vatningsanlegg.

Men det var altså fyrst og fremst Vest-Europa som utvikla vassvegar for transport, og som utnytta vasskraft til industri.

Vesten vann

Styrken i Tvedts bok er det samanliknande perspektivet. Dette kjem særleg til sin rett i bokas andre halvdel. Der går Tvedt over frå å drøfte vassvegar og kommunikasjon til å ta føre seg forholdet mellom vassvegar og samfunn. Her taklar han temaet i bokas undertittel: Korleis kan det ha seg at det var land i Vesten som vann industrikapplaupet, mens land i Austen blei taparar?

Det er stor semje om at tre sektorar var avgjerande for industriutviklinga i England mellom 1760 og 1820: transportsektoren, tekstilindustrien og metallindustrien. Bokas fyrste del drøftar transportsektoren og slår fast at det var lettare og billegare å frakte varer på vassvegar enn over land. Bulkvarer kunne ein knapt frakte på anna vis. Lokal transport gjekk på lekterar og elvebåtar. Internasjonal transport gjekk på seglskip. Dampskip var ikkje vanlege før langt ut på 1800-talet.

Når det gjeld tekstilindustrien, så blei britiske spinnarar og vevarar erstatta av maskinar på slutten av 1700-talet. Desse maskinane var drivne med kraft frå vasshjul; dampmaskinane byrja drive spinnemaskinar og vevstolar fyrst på 1800-talet.

Det same galdt jarn- og metallindustrien. Vasshjul dreiv dei store blåsebelgane til dei fyrste masomnane. Dei revolusjonerte smelteverka og metallindustrien på slutten av 1700-talet. Og det var dei som produserte metallet som gjorde det mogleg å lage nye, forbetra dampmaskinar. Utover på 1800-talet blei desse nye dampmaskinane så sette inn til å drive blåsebelgane til omnane.

Utviklingsteoriar

Terje Tvedt har skrive bøker om bistandspolitikk og migrasjonshistorie – som regel med ein kritisk snert. Han har forska på forholdet mellom vatn og samfunn. Dokumentarfilmane hans om historia til vatnet har gjort han til ein av Noregs mest kjende samfunnsforskarar. Historiens hjul og vannets makt er resultatet av over 30 år med forsking. Boka er smekkfull med historisk empiri og med sosiale innsikter om samfunn frå heile verdas geografi.

No er det ikkje noko nytt at den industrielle revolusjonen var basert på vasskraft og ikkje på kol, men det er forbausande mange som ikkje er klåre over dette. Og Tvedt gjer meir enn å rydde opp i misforståinga, han kommenterer implikasjonane for utviklingsteoriar og -politikk. Ein kan kritisere Tvedt for å trekkje eit skarpt skilje mellom den tida då vasshjulet var den einaste forma for mekanisk energi, og den epoken der kol og damp blei dominerande; overgangen frå den eine til den andre var i røynda glidande. Men dette er småleg kritikk av ei bok som er så rik som denne.

Ein openberr styrke er bokas rike, historiske empiri. Særleg gjeld dette andre halvdel, kor Tvedt ikkje berre stadfestar at Vest-Europa frå naturen av hadde særlege føresetnader for industriell vekst, men der han òg syner kvifor det var vanskeleg for andre land i verda – Mughal-imperiet i India, tsarane i Russland, samuraiane i Japan og dei mektige keisarane i Kina – å følgje Englands og Vestens eksempel. Ikkje-vestlege herskarar makta ikkje å gjere økonomien meir produktiv ved å introdusere moderne dampmaskinar. Boka er rik, men lettlesen. Og ho er rikeleg illustrert med fargebilete, kart og tabellar.

Ein annan styrke er den tverrfaglege tilnærminga: Tvedt trekkjer på mange spesialiserte disiplinar – på topografi, hydrologi, metallurgi, antropologi og så bortetter. Det er dette som set han i stand til å identifisere den industrielle revolusjonens føresetnader.

Forskingsmetode

Og så er det forskingsmetoden. Tvedt presenterer og demonstrerer samfunnsvitskapens komparative logikk enkelt og med full kontroll. Dette er òg ein styrke ved boka. Tvedt legg elleve land frå forskjellige delar av verda under lupa, og han maktar å samanlikne dei alle systematisk for både samsvar og forskjellar mens han held styr på transportsystem, energikjelder, tekstil- og metallproduksjon hos dei alle.

Ei siste sterk side gjeld bokas kritikk av den eksisterande litteraturen. For her kjem implikasjonane av Tvedts argument tydeleg fram. Kritikken kviler på to vitskapsteoretiske forhold: Det eine gjeld forholdet mellom historieforsking og samfunnsvitskapeleg teori; det andre gjeld skilnaden på føresetnad og årsak. Tvedt viser korleis forfattarar ofte blander samen føresetnad og årsak. Sjølv gjer han som Adam Smith og konsentrerer seg om føresetnadene for industri og handel. Han syner korleis vassvegar og vasskraft var føresetnader for den økonomiske utviklinga i England på 1700-talet. Og han viser at desse føresetnadene fanst i særleg monn i Nordvest-Europa, der nye teknologiar gjorde det mogleg å utnytte dei.

Andre forfattarar drøfter ikkje føresetnader; dei leiter etter historiske årsaker og fletter desse saman til store teoriar. Marx skriv at kol og damp var sentrale drivkrefter i utviklinga av engelsk og europeisk industri. Dette er ikkje gale i seg sjølv, men det blir gale når Marx knyter dampmaskinens revolusjonerande kraft til den viktige utviklinga på 1700-talet. Og særleg gale blir det når Marx peikar på kol og damp som årsaker til den industrielle revolusjonen og til framveksten av den moderne industriarbeidarklassen. For det er ikkje rett. Både industri og industriarbeidarar eksisterte alt i vasshjulets tidsalder.

Historia i bakspegelen

Tvedt bruker Marx som døme på korleis historiske forklaringar kan gli saumlaust over i samfunnsvitskapeleg teori – og korleis teoriar i sin tur kan stivne til politiske ideologiar. Når Marx peikar på damp og kol som drivkrefter bak industrialismen, les han historia i bakspegelen, skriv Tvedt.

Marx observerer den sentrale rolla dampmaskinane har, i si eiga samtid, og gjev dei så den same rolla i industrien på 1700-talet. Kvifor gjer han dette? Fordi han då får ei forklaring som passar inn i den store politisk-økonomiske teorien hans. Vektlegginga av kol og damp støttar opp om meirverditeorien, tesen om kapitalens organiske samansetning, den fallande profittraten og andre doktrinar i marxistisk teori. Marxistiske historikarar har akseptert denne overordna teorien – slik til dømes Eric Hobsbawm har gjort.

Terje Tvedt er forfattar, filmskapar og historikar.

Foto: Edvard Thorup

Kol og damp har blitt ei så vanleg forklaring på den industrielle revolusjonen at fleire økonomiske historikarar brukar han – sjølv om dei ikkje er marxistar. Blant dei er Kenneth Pomeranz ved University of Chicago. Han legg stor vekt på kol og damp som drivarar bak den industrielle revolusjonen. Men han legg til at skipsfart gav britane tilgang på ressursar og marknader i Amerika og andre stader.

Tvedt skriv at forfattarar som legg stor vekt på kol og damp, ofte støttar opp om ei forteljing som framhevar britanes naturlege leiarskap og Vestens overlegne styresett og kultur. Dette var ei forteljing som slo djupe røter sist på 1800-talet, akkurat då vestlege stormakter ekspanderte raskt. Ho bidrog til å trekkje ein legitimerande ferniss av sivilisering og misjon over det som i røynda var Vestens imperialistiske ekspansjon.

Ekko i bistand

Ekko av denne forteljinga går igjen i teoriar for bistand og utvikling. Eit døme er moderniseringsteorien til Walter W. Rostow. Han forklarte verdas fattigaste land at dersom dei hadde ambisjonar om å utvikle landet sitt og få vekst og sosial velstand i samfunnet, måtte dei følgje Englands eksempel. Dei kunne òg få ein industriell revolusjon dersom dei opna opp samfunnet, introduserte ein fri marknad og etablerte eit liberaldemokratisk styresett.

Rostow var president Lyndon B. Johnsons tryggingspolitiske rådgjevar under Vietnamkrigen. Han skreiv The Stages of Economic Growth i den kalde krigens kaldaste fase og gav boka undertittelen A Non-Communist Manifesto. Det er ein utviklingsteoretisk klassikar frå den vestlege bistandspolitikkens tidlegaste fase.

I dag presenterer dei to amerikanske økonomane Daron Acemoglu og James A. Robinson ein teori som ikkje ligg så langt unna den Rostow i si tid presenterte. Men dei har dressa han opp i moterette omgrep frå ny-institusjonell økonomisk teori.

Den økonomiske historikaren Niall Ferguson som har avvist geografiske forklåringar på økonomisk utvikling, har likeins lagt vekt på sosiale institusjonar som støttar opp om frie marknader. Francis Fukuyama har òg ei reim av denne huda, men han legg òg vekt på at kulturelle særtrekk spelar ei viktig rolle for utvikling. Den klassiske forklaringa på at kulturen spelar ei avgjerande rolle, er det Max Weber som har utvikla. Han forklarte i si tid kapitalismens og industrialismens utvikling med normer, verdiar og trusførestillingar som låg innbakte i protestantismens etikk.

Kva var årsakene til den industrielle revolusjonen? Kvifor er nokre land rike, mens andre er fattige? I hundrevis av år har tusenvis av forfattarar freista å gje svar på slike spørsmål. Det skal godt gjerast å finne eit originalt og truverdig alternativ til dei mange klassiske svara. Men det har Terje Tvedt greidd med Historiens hjul og vannets makt. Og han har greidd det fyrst og fremst ved å utvide perspektivet: ved å introdusere ei tverrfagleg tilnærming og ved å løfte blikket over og forbi årsaksforklaringar. Tvedt skil seg ut frå så å seie alle andre ved å leggje ei geografisk, klimateoretisk og antropologisk ramme rundt problemstillinga og peike ut føresetnader for den industrielle revolusjonen og for økonomisk vekst.

Torbjørn L. Knutsen

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-
naturvitskapelege universitet
i Trondheim.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Frostrøyk i Kyiv.

Frostrøyk i Kyiv.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KrigSamfunn

Kyiv, Brussel, Budapest – ei forteljing om tre byar

Ei tjukk skodde heng over Kyiv og heile det sentrale Ukraina. Lufta er fuktig og tung, og hindrar sikten. Sjølv på ein god, rett veg må du køyre med låg fart.

Andrej Kurkov

Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).

Foto: Thomas Fure / AP / NTB

PolitikkSamfunn
Marita Liabø

Mors liv i salen

Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.

President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

KommentarSamfunn
SveinTuastad

Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.

Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.

Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Ane Tusvik Bonde

«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»

Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre på veg inn til gruppemøtet til Aps stortingsgruppe onsdag denne veka.

Foto: Ole Berg-Rusten

Samfunn

Når nokon har snakka saman

Det er ikkje slik at media berre er megafonar for dei som vil kaste Støre, seier kommentator Magnus Takvam.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis