JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvifor er ikkje bergensarar som andre folk?

Biletet av Bergen og bergensarane er stabilt, både hos dei sjølve og andre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5004
20210205
5004
20210205

Sakprosa

Morten Hammerborg:

Bergenseren. En historisk analyse

Universitetsforlaget

Bergensarane er glade i å snakke om byen sin. Difor er det i grunnen rart at ingen har skrive denne boka for lengst. Rett nok er mykje av materialet kjent for slike som interesserer seg for emnet, men Morten Hammerborg, som er historieprofessor ved Høgskulen på Vestlandet og sjølv bergensar, har løfta emnet frå festtalane og opp til ei seriøs historisk undersøking. Det har han lukkast vel med.

Talande døme

Hammerborg skriv godt og underhaldande, og han har sansen for talande døme: Johan Nordahl Brun, bergensbiskopen i 1814, var aldri nokon gong i Christiania. Det er slikt som ein først vert overraska av å lese, men så får det ein til å tenke: Nei, kva hadde han vel der å gjere? På same tida kunne Bernt Anker fortelje ein engelskmann at «Bergen er mindre kjent for innbyggerne her [i Christiania] enn London eller Paris, ja, vi anser den nesten ikke som en del av vårt land, eller som bebodd av nordmenn. Bergenserne er for det meste utlendinger, vesentlig hollendere.»

Han hadde sjølvsagt aldri vore i landets største by, og det vesle han trudde han visste, var feil: Hollendarar var der knapt meir enn ein handfull av i Bergen på denne tida, og innvandrardelen av folkesetnaden var lågare enn i dag.

Det er velkjent for historikarar at Fiske-Noreg langs kysten og Trelast-Noreg i sør og aust inngjekk i kvar sine økonomiske krinslaup med utlandet og hadde lite med kvarandre å gjere. Det Hammerborg skriv om Brun og Anker, lèt oss ane kva dette hadde å seie for landet, kulturelt og sosialt. Nord-Noreg var grunnlaget for Bergens eksistens. Trondheim var ein konkurrent. Men kva dei gjorde på Austlandet, spela knapt noka rolle.

Annus horribilis

Dette er «naturtilstanden» i Hammerborgs framstilling. Men alt vart endra med 1814, som han kallar Bergens annus horribilis. Før dette var Noreg delt i fire stift med kvar sin hovudstad, men i den nye staten vart det meste sentralisert i Christiania, som i 1831 vaks forbi Bergen i folketal.

Årsaka var ikkje vekst i næringslivet, men utbygginga av hovudstaden. Forståinga av dei økonomiske realitetane bak Christianias vekst ser likevel ut til å ha vanta begge stader: Bergen, som i røynda hadde gode år og vaks raskt på same tida, vart no framstilt som «stillstandsbyen» som mangla den rette «aand».

Det var først kring 1850 den nye tilstanden begynte å demre for bergensarane: Same kva dei fekk til, kunne Christiania gjere det større og betre med staten sine pengar. Som sjukehushistorikar kan Hammerborg dette stoffet på fingrane: Då sinnssjukelova vart vedteken i 1848, hadde Bergen for lengst bygd eit moderne mentalsjukehus for eigne pengar.

No betalte staten for eit som var enda nyare og betre i Christiania, og bergensarane fekk høyre kor dårleg deira eige var. «Mentalen» var likevel god nok til at Vestlandet, som einaste landsdel, aldri fekk eit statsfinansiert asyl. Det enda med at Bergen bygde nytt, også no for eiga rekning.

Sentrum og periferi

Hammerborgs gjennomgang av slike lokaliseringsstridar syner at argumenta knapt har endra seg sidan 1814, naturleg nok. Meir fascinerande er det at biletet av Bergen og bergensarane er like stabilt, både hos dei sjølve og hos andre. Alt Ludvig Holberg framheva at bergensarar ikkje er som andre nordmenn, og som vi har sett, var det også slik for Bernt Anker.

Hammerborg syner korleis Bergen «blir iscenesatt som en malerisk by full av liv og glede», og som «et historisk fundert og handlende fellesskap som elsker sin by». Oslo er motsetnaden, der austkant og vestkant er ulike samfunn, og alle eigentleg er frå ein annan stad. «Det er påfallende hvor likt det skrives gjennom nesten 200 år», konkluderer Hammerborg. Men som han også påpeiker: At slike skilnader vert iscenesette, vil ikkje seie at dei ikkje er reelle.

Hammerborg peiker på to forklaringar på at byidentiteten vart så sterk i Bergen. Den eine er at byen er isolert. Han ligg ikkje i et rikt kulturlandskap, men i eit distrikt som var noko av det mest fattigslege i landet. Det var fjernhandel som var grunnlaget for Bergens økonomi.

Den andre forklaringa er 1814. Før dette var byen like stor som Oslo og Trondheim til saman, og den tredje største i Norden. At den historisk viktigaste byen i eit land vert degradert slik, er uvanleg. Sjølv kjem eg berre på eit liknande døme: Barcelona, der byidentiteten jo ikkje er mindre sterk.

Materialet for denne boka er stort og samansett og må vere innsamla gjennom mange år. Det et tydeleg at Hammerborg har oversikt over emnet, men han har også blikk for dei vesentlege detaljane, og boka er så lett å lese at ein knapt tenker på kor stort arbeid som i røynda ligg bak.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i klassiske fag ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hammerborg skriv godt og underhaldande, og han har sansen for talande døme.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis