Kvardagsabsurdisme
Det er nesten så eg skammar meg over ikkje å ha lese Gunnhild Øyehaug før.
Gunnhild Øyehaug har skrive ei rekkje romanar, noveller og essay.
Foto: Helge Skodvin
Roman
Gunnhild Øyehaug:
Presens Maskin
Kolon
Gunnhild Øyehaug plasserer romanfigurane i Presens Maskin i parallelle univers. Dei fleste av dei finst i begge verdene, mens Anna og Laura, mor og dotter, er åtskilde, slik at dei ikkje veit om kvarandre. Laura forsvinn inn i eit slags ormehol som barn, eller er det kanskje ein ufo som tar henne? Eit eller anna mystisk skjer iallfall, slik at Laura forsvinn fullstendig frå Anna, både fysisk og som minne, alt grunna ei lita feillesing, ei forskyving i språket.
Sjølve tittelen, Presens Maskin, er òg basert på ei feillesing. Laura ser ei vegkostemaskin som det står «Presis Maskin» på, og Øyehaug koplar dette straks til det meir dramatiske «At ho kunne ta så feil (...)». I desse universa kan altså små forskyvingar føre til store endringar.
Språk og naturvitskap
Eigentleg er det dei små detaljane og hendingane i vanlege middelklasseliv i Bergen som er hovudsaka i romanen. Laura er ei ung kvinne som underviser i litteratur. Ho er gravid og bur saman med musikaren Karl Peter. Anna er forfattar, for tida jobbar ho med ein roman om språket, og ho bur i eit parallelt Bergen saman med mannen Jostein og dei to tenåringsbarna deira.
Handlinga er i seg sjølv rett fram og enkel, men krydra med både naturvitskap, språkfilosofi, utsegn om ufoar og rare, komiske hendingar som er akkurat på grensa til det absurde. Eg flirer mykje mens eg les, og eg blir imponert over korleis Øyehaug klarer å få det vesle, og ofte det såre, til å bli så underhaldande og sprekt på måtar eg tidlegare ikkje kan hugse å ha opplevd andre stadar enn i multikunstnaren Kim Hiorthøys kultbok, Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig. Eg synest faktisk det er smått genialt.
Dei små variasjonane
Ein får ei kjensle av å observere kvinnene frå lufta i desse parallelle mor- og dotterliva som har påfallande likskap. Eit særleg sentralt fellestrekk er ein fascinasjon dei har for komponisten Erik Saties stykke Vexations. Vexations fungerer som eit slags bilete på heile situasjonen, med alt vi opplever likt samtidig som at mykje er ulikt: Stykket er svært kort, og tanken til Satie var at ein skal spele det 840 gongar, gjerne av mange personar, som i ein stafett. Men sjølv om stykket er kort, er det vanskeleg å lære, då det manglar vanleg akkordlogikk, og slik blir det lett små variasjonar i repetisjonane når dei blir spelte av ulike menneske.
Fabelaktig
Romanen er plassert i 2019, og ein kan jo spørje seg kvifor, men eg vel heller å tenke «kvifor ikkje». Forteljaren er ein snodig figur som er plassert utanfor handlinga, og ho fortel både i eg-form og i vi-form. Dette forsterkar ei oppleving av noko fabelaktig, i begge betydingane av ordet, ved romanen. Øyehaug har skrive ein svært original tekst der ho leikar seg med både forteljarform, handling og språk, utan at det nokon gong blir kunstig.
Mot slutten av lesinga brenn det i brystet, eg vil så gjerne ha meir. Då er det verkeleg flaks at Vente, blinke frå 2008 faktisk ventar og blinkar i hylla mi heime. Eg startar med ein gong eg er ferdig med Presens Maskin, og ser heldigvis straks at stilen er den same: kvikk, med lange, snirklete setningar og underlege digresjonar. Eg har mykje godt i vente.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Øyehaug har skrive ein svært original tekst.
Fleire artiklar
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB