JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kvar kom folkevisene frå?

Eit truverdig svar på gåta får vi i boka Harpe og sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen av Olav Solberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3595
20210430
3595
20210430

Sakprosa

Olav Solberg:

Harpe og sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen

Cappelen Damm Akademisk

Folkevisene har ord på seg for å ha komme «rekande på ei fjøl», altså slik at ingen kan vite kvar dei kjem frå. Men dette er ikkje lenger rett – det vil seie om vi avgrensar oss til dei folkevisene som ein reknar til mellomalderballaden.

Men vi får meir enn tittelen lovar: Solberg skriv 350 sider om den nordiske balladen i ein europeisk kontekst – frå dei franske mellomalderromanane til britisk og tysk skrekkromantikk på 1700-talet. Han var med i den dugnadsgjengen som gav ut Norske mellomalderballadar i 2016 – med Nasjonalbiblioteket, Norsk visearkiv og Norsk Folkeminnelag: åtte (digitale) band om tekstane (på bokselskap.no) og fire bokband med melodiar og biografiar over songarar og samlarar. No har han nytta dei vitskaplege referansane som ligg føre i og med dette samleverket, til å dokumentere ferske forskingsresultat for ålmenta.

Stil og sjanger

Første halvdelen av Harpe og sverd underbygger teoriane til svenske Bengt R. Jonsson: Lenge trudde balladeforskarane at den nordiske balladen utvikla seg frå Danmark; andre hevda at sjangeren ikkje kan vere eldre enn reformasjonen. Men Jonsson og Solberg argumenterer – overtydande, så vidt eg kan sjå – for at sjangeren var levande og produktiv i Noreg omkring hundreårsskiftet 1300.

Argumentasjonen går hovudsakleg på stil, sjanger og språkhistorie: Stilen først – dei typiske balladeformlane («nytan drengjen», «fljotan folen», «falske terna») finst alt i «Eufemia-visene», som ein tidfester til tidleg 1300-tal – frå adelsmiljøet på Akershus. Og truleg har denne stilfiguren vore etablert før «Eufemia-visene» – diktaren må ha hatt han klingande i øyret mens han skreiv. Solberg har også funne balladeformlar i daterte brev frå perioden.

Kva med sjangeren? Medan riddarvisene peiker bakover mot dei romantiske riddarromanane som Håkon Håkonsson fekk omsett til norrønt på 1200-talet, peiker kjempe- og trollvisene mot dei norrøne fornaldersagaene – om troll og gygrer og kjempekarar og mirakuløse omskapingar – altså 1200-tal, det også.

Det eldste ballademanuskriptet som finst bevart av nordiske mellomalderballadar – om «Riddaren i hjorteham» – er eit døme, og analysen av det er sentral i argumentasjonen her. Manuskriptet er frå Skiens-kanten på 1400-talet, men visa er sjølvsagt eldre enn manuskriptet.

Språkskifte

Og kva med språket? Ettersom balladen går i bunden form med rytme og rim, korleis har han kunna klare overgangen frå det arkaiske norrøne språksystemet til dei nynorske dialektane?

Ifølgje Solberg må sjangeren ha blitt til i ein språkleg overgangsfase: Skriftspråk er konservative, språkhistorikarane bygger på skriftlege kjelder og oppfattar derfor denne perioden som norrøn – språkhistorisk sett. Men balladen var ein munnleg sjanger, og tale- og syngespråket har – som i vår eiga tid – utvikla seg fortare enn skrifta og var truleg meir «avansert» i retning av mellomnorsk og nynorsk. Derfor var det berre mindre justeringar som måtte til for at balladetekstane skulle overleve språkskiftet.

Solberg skal ha honnør for at han deler heilt nye forskingsresultat med oss som ikkje er balladeekspertar. Han skriv ledig og lett – er ein god forteljar – og det høver til emnet.

Gudleiv Bø

Gudleiv Bø er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Solberg skal ha honnør for at han deler heilt nye forskingsresultat med oss.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis