Bok

Kvalen i buken på menneskedyret

Hvaleventyret er ei trist soge med mogeleg lukkeleg slutt.

Nedisa kvalbåt omgjeven av oppblåsne blåkvalar i Rosshavet i 1924.
Nedisa kvalbåt omgjeven av oppblåsne blåkvalar i Rosshavet i 1924.
Publisert

Sosiologen Andreas Tjernshaugen er redaktør for Store norske leksikon, og han har doktorgrad i teknologipolitikk knytt til CO2-handtering. Han har skrive fleire bøker, mellom anna ei akvariebok for barn. Bloggen hans syner at han er glad i små fiskar i små vasskar.

No har han òg skrive ei bok for vaksne, men om store dyr som lever i dei store verdshava, kvalane, men aller mest om korleis vi menneske har jakta på dei og nesten utrydda dei.

Tre delar

Boka heiter Hvaleventyret, men kunne like gjerne ha heitt Hvalmarerittet. Eller likevel ikkje, for boka er ikkje ei Greenpeace-bok, men er halden i ein sakleg, nøytral tone. Det er heller ikkje ei Marte Michelet-bok, der forfattaren må hjelpa oss med moralske dommar. Fakta talar for seg sjølv.

Boka er naturleg inndelt i tre delar: Først om kvalfangsten på den nordlege halvkula, som gjekk føre seg fram til byrjinga av nittenhundretalet, då kvalane her for det meste var utrydda. Deretter om den landbaserte kvalfangsten på den sørlege halvkula i området sør for Sør-Georgia, som varar til 30-åra, då mange av kvalane i området var utrydda. Tredje del handlar om den pelagiske kvalfangsten på heile den sørlege halvkula, basert på dei store industrielle landuavhengige kvalkokeria. Denne fangsten vara fram til ut i 1960-åra, då totalfreding vart innført, like mykje av di det knapt var kvalar att, og lønsemda hadde stupt, som av omsyn til kvalane og livet i verdshava.

Fangst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement