Bok
Kunstnaren som går eigne vegar
Ein markant kunstnar og ein særeigen epoke i norsk kulturhistorie blir sett med nye, friske auge i ein detaljert og velskriven biografi.
Frå innspelinga av filmen Måker i 1990, der Vibeke Løkkeberg både spelte hovudrolla og hadde regien.
Foto: Tor Arne Dalsnes / NTB
I 2014 disputerte medievitar og filmhistorikar Johanne Kielland Servoll med doktoravhandlinga Den norske auteuren. En begrepshistorisk analyse. I avhandlinga var Vibeke Løkkeberg ein av dei omtalte filmregissørane. Etter fire års arbeid er Servoll her med ein biografi om den markante, ambisiøse og omdiskuterte kunstnarpersonlegdomen Vibeke Løkkeberg.
Ein modig kunstnar
Den fyldige biografien er delt inn i seks delar. I inndelinga og det kronologiske løpet ligg også strukturen og mange av styrkane i biografien. Oppveksten i Bergen og åra som ung vaksen, ei tid som var med på å forme Løkkeberg som kunstnar, er nært og fint skildra. Så følgjer Servoll henne på vegen vidare, først som skodespelar og modell, seinare som filmregissør, forfattar og debattant. Slik er denne biografien ein personlegdomsstudie, samstundes som livet til Løkkeberg i ulike fasar kan lesast som eit slags symptom på tidsperioden ho har levd i.
Gjennom boka stig det òg fram eit bilete av Løkkeberg som auteur i omgrepets rette forstand. Som filmkunstnar står ho for både idear, manus, produksjon og regi. Ho er regissør med ein personleg stil, og med sterkt engasjement har ho aktualisert og debattert vanskelege tema. Ho laga filmar ulik dei fleste andre i samtida.
Som i doktoravhandlinga syner Servoll i denne biografien korleis bruken av eiga røynsle har vore eit positivt utgangspunkt for mannlege regissørar, men noko negativt når det handlar om ein kvinneleg, norsk regissør. Det var ikkje lett for Løkkeberg å stikke seg fram som kvinneleg filmskapar og tematisere mannleg vald, overgrep, incest og abort i ei tid då det knapt fanst andre kvinner i registolen. Likevel har Løkkeberg kjempa seg til både nasjonale og internasjonale sigrar, mellom anna med spelefilmen Løperjenten frå 1981. Slike sigrar var med på å halde mot og styrke oppe når kritikken hagla som tyngst rundt andre store filmprosjekt, som Hud i 1986.
Tett på Løkkeberg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.