Bok
Kroppar i stålregn
Mazdak Shafieian skriv både vakkert og vondt om krigen frå barnets perspektiv.
Mazdak Shafieian har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og er utdanna litteraturvitar frå Universitetet i Bergen.
Foto: Julie Pike
Forteljinga om den einskilde kjem sjeldan til syne på yta. Det veit kvar og ein om seg sjølv, men ein gløymer det fort når det gjeld andre. Ei av oppgåvene til litteraturen er å levera bidrag til protokollen over opplevinga av å vera eit menneske. I vår fredelege del av verda har slike bidrag sjeldan samanheng med store verdshendingar, men mellom oss finst det folk med ekstreme røynsler, og ein av dei er forfattaren Mazdak Shafieian frå Iran. Han har budd lenge i Noreg og skriv framifrå på norsk, men i den nye boka hans er det røynslene frå barndommen i Iran, under krigen mellom Iran og Irak, som er temaet.
Dei første sju åra forfattaren levde, rasa denne krigen, der det mellom anna vart nytta kjemiske våpen, og der borna fekk instruksjon om korleis dei skulle forstå kva for gass som vart nytta. Familien til vesle Mazdak levde då i byen Khorramabad, men dei var stadig på flukt på grunn av krigshandlingane.
Nedgangstid
Dette var like etter den islamistiske revolusjonen i landet, og foreldra til Mazdak, visstnok båe lærarar, vart rekna som opposisjonelle. Dei fekk ikkje lenger arbeid, og såleis vart desse åra ei samanhengande nedgangstid som vert skildra frå barnets perspektiv i teksten.
Her kjem det fram detaljar som ein knapt kunne ha fantasert seg til, til dømes at dei pårørande til påståtte opposisjonelle som vart avretta ved skyting i fengselet, måtte betala for ammunisjonen som vart nytta av bødlane. Eller at fly sleppte bomber som laga sjokkbølgjer for å knusa glasruter før ein bomba med kjemiske våpen, slik at gassen skulle trengja inn i husa. Det er med andre ord stadig nye kandidatar til verdsmeisterskapen i djevelskap.
Men mellom gassbyer og stålregn skin stundom sola, ungane spelar fotball og finn på små fantestykke, eller dei får eitkvart godt å eta og gåver frå ei endeløyse av onklar og tanter som ikkje alltid er onklar eller tanter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.