Bok
Kriser og rettsstatleg forfall
Hans Petter Graver skriv kritisk om rettssystemet i ei krisetid.
Statsminister Erna Solberg då ho presenterte koronlalova 21. mars i år.Statsminister Erna Solberg då ho presenterte koronlalova 21. mars i år.
Foto: Tore Meek / NTBFoto: Tore Meek / NTB
Sakprosa
Mange som kjenner Hans Petter Graver, skvatt under Dagsnytt 18-sendinga den 18. mars i år. Den elles lågmælte professoren omtalte framlegget til koronalov, beredskapslova regjeringa ville legge fram for Stortinget, som galskap. Han meinte berre fantasien sette grenser for kva regjeringa kunne vedta etter lova utan å involvere Stortinget. Særleg kritisk var han til at ho var førebudd i løyndom.
I boka Jussens helter kallar Graver juristar som forsvarar rettsstaten når han er under press, juridiske heltar. Den krasse reaksjonen hans var nok inspirert av dei. Han fekk i alle høve vekt opp både stortingsopposisjon og juriststand frå lammande virusfrykt og heimekontordvale. Koronalova vart rett nok vedteken, etter eit intenst offentleg ordskifte, men for eit kortare tidsrom, med fleire kompetanseskrankar og betre kontroll frå dei andre statsmaktene enn framlegget som først låg på bordet. Seinare engasjerte Graver seg i diskusjonar om bruken og rekkjevidda av både koronalova og smittevernlova.
Parallell
I Pandemi og unntakstilstand. Hva covid-19 sier om den norske rettsstaten utdjupar Graver standpunkta frå vårens debattar. Der har han også funne attende til sin vanlege stil. Innhaldet er kritisk, men forma mild. I åtte kapittel reflekterer han om retten i krisetid. Den raude tråden er korleis dommarar og andre reagerer, eller snarare ikkje reagerer, når rettsstaten kjem under press. Mange døme er henta frå den rettslege handteringa av covid-19. Graver brukar unntakstilstanden som pandemien skapte, til å observere og teste ut funn frå ulike forskingsprosjekt, mellom anna eit han er involvert i no, «Judges under Stress».
Boka kan lesast som ein rettsteoretisk parallell til eit av verka til ei anna akademisk stjerne, Political order and political decay av Francis Fukuyama. Der kunne nok Graver ha funne mykje å byggje vidare på. Diverre stoggar han, som så mange andre, ved det meir famøse, End of history and the last man. Pandemi og unntakstilstand kastar ikkje lys over trugsmåla mot dei liberale og demokratiske rettsstatane slik dei seinare arbeida gjer. Dei to trekkjer likevel nokre av dei same konklusjonane om det som vernar denne styreforma. Begge framhevar fungerande sivilsamfunn, upolitiserte byråkrati og etterprøvbare faktagrunnlag. Mellom dei Graver rosar for at uheimla covid-19-tiltak ikkje fekk større negative konsekvensar, er politiet og folkehelsestyresmaktene. Førstnemnde fordi dei var tilbakehaldne med handhevinga av forskrifter med tvilsam heimel. Sistnemnde fordi dei heldt fast ved at frivillige tiltak verkar betre i smittevernarbeid enn tvang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.