JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Krigsoffer

Ein kort roman som er større enn seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3639
20190201
3639
20190201

Roman

Paulus Hochgatterer:

Dagen da min bestefar var helt

Solum / Bokvennen

Paulus Hochgatterer (f. 1961) er ein austerriksk forfattar og barnepsykiater. Den faglege bakgrunnen innanfor psykiatri skin tydeleg igjennom i den korte og komprimerte romanen Dagen da min bestefar var helt, som kom ut på tysk i 2017. Handlinga er lagd til ein gard på den austerrikske landsbygda og går føre seg nokre veker i mars 1945, kort tid før krigen er over.

Det heile er sett gjennom auga til Nelli, ei tretten år gammal jente som hausten 1944 dukkar opp på garden, forvirra og utan minne om kva ho heiter eller kor ho kjem frå, liksom ein Kaspar Hauser tilbake i Nürnberg i 1828. Det kan også vere at ho speler ei rolle for å beskytte seg sjølv, for Nelli, som ho blir kalla, er både observant, intelligent, fantasirik, midt i puberteten og på leiting etter eigen identitet. Ho liker å skrive og fortelje groteske martyrhistorier, og det ho ser og opplever på garden, kan ha hendt i ulike versjonar, faktisk og kontrafaktisk.

Flyktningar

I mars 1945 toppar det seg med interne flyktningar som får opphald på garden. Det dukkar opp ein kviterussisk krigsfange – ein austarbeidar, som dei vart kalla i Tyskland på denne tida – og til slutt tre Wehrmacht-soldatar som leiter etter avdelinga si for å reorganisere til sluttkampane og den endelege sigeren som den fanatiske løytnant Gollwitz snakkar om. Samtidig flyg amerikanske bombefly dagleg inn over området for å slå ut transportsystemet og Herman Göhring-verket i Linz ikkje langt unna.

Indirekte kastar Herman Göhring ein lagnadstung skugge over handlinga, for den kviterussiske krigsfangen har flykta frå eit oppdrag med å frakte Göhrings stolne kunstskattar frå Carinhall utanfor Berlin til ein tryggare stad nær Salzburg, der Göhring også hadde ein herskapsvilla. Han har forsynt seg frå lasset og ber med seg ein lerretsrull med eit verdifullt kunstverk. Samtidig er Mikhail, som han heiter, sjølv kunstnar innanfor suprematismen, ei russisk kunstretning innanfor abstrakt måleri, som nazistane såg på som degenerert. Dette hengjer løytnant Gollwitz seg opp i, og når han finn ein karikatur av Hitler blant bilda, blir Mikhail dømd til døden i ei summarisk rettssak.

Og her er vi ved det alternative blikket på handlinga: Blei Mikhail eigentleg avretta med eit nakkeskot frå løytnant Gollwitz, eller lét løytnanten seg snakke til fornuft av bestefar Jakob? Eller blei løytnant Gollwitz skoten av bestefar med ei avsagd hagle som kanskje ikkje var ladd? Drukna vesle Rudi i Møllebekken, eller blei han redda? Blei den amerikanske flygaren lynsja av landsbymobben, eller blei han send i krigsfangenskap?

Historie i miniatyr

Dagen da min bestefar var helt er ein enkel tekst som lag på lag og i miniatyr viser korleis den store historia slår inn over kvardagslivet til skuldlause menneske i ein krigssituasjon, og Hochgatterer har da også valt eit sitat frå den italienske rettsfilosofen Giorgio Agamden som innleiing: «Unntakstilstanden betegner ikke diktaturet, men et rettsfritt rom, en sone av anomi, der alle rettslige bestemmelser – især skillet mellom offentlig og privat – settes ut av kraft.»

Dette er første gongen Hochgatterer blir presentert på norsk, omsett av Stein Dahl Mathisen. Han fekk EUs litteraturpris tilbake i 2009, ein pris som heng høgt hos forfattarar i etableringsfasen. Carl Frode Tiller, Gunstein Bakke og Ida Hegazi Høyer har også fått denne prisen.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen er ein enkel tekst som viser korleis den store historia slår inn over kvardagslivet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis