Bok

Krigens skuggar

Kari Christensen har skrudd saman ein roman med driv, men språket er nokså allminneleg.

Publisert

Alltid likt å lese om krigen (2003) er ein av titlane i Rolf Sagens forfattarskap, og dei fleste nøyer seg med akkurat det: å lese om krigen. Men nokre drar det lenger og går frå å lese til sjølv å skrive om krigen, fiksjon eller fakta, og gjerne ei blanding der krigen blir bakteppe og klangbotn for ulike menneskeskjebnar i fortid og notid.

Kari Christensen (f. 1943) har skrive ein slik roman, der utgangspunktet er eit hus i Oslovegen i Trondheim, rekvirert som bustad for gestaposjef Gerhard Flesch (1909-1948) og Obersturmführer i SS Julius Nielsen (1898–1948). Begge blei avretta på Kristiansten festning, dømde for krigsbrotverk.

Huset i Oslovegen blir kjøpt av den svenske legen Erik Jensen utan at kona Renate veit noko om det, og det skal vise seg at det er intrikate trådar som bind Erik til huset. Samtidig får Renate ei kjensle av at huset lever sitt eige liv, at noko heng igjen i veggane frå krigens dagar, og i mareaktige draumar får ho kontakt med den vondskapen som har vore der.

Draumebitar

Teksten pendlar mellom krigsåra og eit notidsplan kring 1970, for her finst korkje mobil eller data, og Universitetet i Trondheim heiter framleis Norges Lærerhøgskole, der Renate skal ta eit hovudfag i norsk kring Gisle Surssons saga. Bitar frå denne sagaen dukkar stadig opp i draumane til Renate, utan at det tilfører teksten nokon ekstra dimensjon.

Skildringane frå krigen og det psykologiske portrettet av Gerhard Flesch er truverdige, og Christensen får fram dei kaldblodige, bereknande og manipulerande sidene hos mannen som også kunne vere høfleg og sjarmerande og med eit eige kvinnetekke. Han set barn på to kvinner, og det eine barnet skal vise seg å vere like manipulerande som faren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement