JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Krigen som profitt

Dagsordenen er eit røntgenbilde som legg til rette for ein diagnose.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3271
20190621
3271
20190621

Essay

Éric Vuillard:

Dagsordenen. En historie

Omsett av
Elin Beate
Tobiassen
Solum / Bok­vennen

Éric Vuillard (f. 1968) fekk i 2017 den prestisjetunge Goncourt-prisen for den vesle romanen Dagsordenen som no ligg føre i norsk omsetjing. Det er ei komprimert og fortetta framstilling av Anschluss og korleis nazi-Tyskland, time for time, tar styringa over Austerrike 12. mars 1938 samtidig som tidsramma dekker heile nazitida i tysk historie, frå 1933 til Nürnberg-prosessen i 1946. «Vi befinner oss på én gang overalt i tiden», heiter det tidleg i teksten, og handlinga utspeler seg både i London, i Berlin, i München, Wien og på Berghof, Hitlers private residens nær Berchtesgaden i Bayern.

Det er på Berghof at den austerrikske kanslaren Kurt von Schuschnigg blir stilt framfor eit tysk diktat som grip rett inn i austerriksk sjølvstyre og gjer landet til ein del av Tyskland utan at verken England eller Frankrike reagerer; dei protesterer ikkje eingong, men ser det som rett og rimeleg, sjølv om det heile var ein invasjon som i tysk propaganda blei framstilt som ein invitasjon.

Det glatte lag

Aktørane i dette dramaet får det glatte lag av Vuillard, og han utfører det eine karakterdrapet etter det andre når han ser bak propagandaen, retusjeringane, sjølvskrytet og dei flotte titlane og uniformene, for der ser han berre små og sjølvopptatte menn som prøver å dekke seg bak ein ferniss av kultur og høflege frasar eller opptrer som reine bøller. Hertugen av Wellington, Arthur Wellesley, tilhengjar av Nordic League, får så hatten passar: «lavpannet, måpende og tom i blikket, så hvis han hadde vært født i en forstad i London, ville vi sannsynligvis aldri ha hørt om ham.» Lord Halifax er ein arrogant og sneversynt aristokrat, og Kurt von Schuschnigg blir «den rasistiske og forskremte aristokraten» som blir utmanøvrert av Hitler og endar sine dagar som professor i statsvitskap ved eit amerikansk universitet: «Han kunne sannelig sine ting om statsvitenskap, han som hadde lyktes med å si nei til alle borgerfriheter.» Slik blir dei avkledde som ynkelege, falske, maktsjuke og utan evne til å ta innover seg kva dei stod bak, da Nürnberbprosessen sette nazitoppane til veggs.

Viktig bok

Dei som slapp unna, var den tyske storfinansen, krigsprofitørane, som heilt frå 1933 spelte på lag med naziregimet, og for Krupp-konsernet, IG Farbenindustrie, Telefunken, Agfa, Siemens og enda fleire var det uavgrensa tilgang på gratis arbeidskraft frå konsentrasjonsleirane. I staden for tiltale fekk desse konserna halde fram etter krigen som om ingen ting hadde skjedd, «business as usual».

Dagsordenen er eit intelligent og skarpskodd historisk essay som også drar nytte av skjønnlitterære grep, for «slik er fortellerkunsten: Ingenting er uskyldig» når ein går alt etter i saumane og ser bak den tilrettelagte røyndommen, og eg vil meine at dette, i flaumen av krigslitteratur, er ei av dei viktigaste bøkene på mange år fordi ho plasserer skuld og ansvar der det høyrer heime: langt ute på høgresida og langt inn i den borgarlege storfinansen.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dagsordenen er eit intelligent og skarpskodd historisk essay.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis