Krigen før krigen
Serhij Zjadan skriv sterkt og usminka om eit samfunn i oppløysing.
Tre av Serhij Zjadans romanar er omsette til norsk.
Foto: Valentyn Kuzan
Roman
Serhij Zjadan:
Internatet
Omsett av Dagfinn Foldøy
Pax
Forfattaren og rockemusikaren Serhij Zjadan (f. 1974) vaks opp i den vesle byen Starobilsk i Luhansk oblast, heilt aust i Ukraina, og det er frå dette området han har henta handlinga i Internatet, den tredje romanen hans på norsk, alle omsette av Dagfinn Foldøy.
Bakteppet er krigshandlingane tilbake i 2015 mellom ukrainske styrkar og russiskstøtta separatistar. Inn i dette infernoet sender Zjadan den 35 år gamle ukrainsklæraren Pasja for å hente heim nevøen Sasja frå eit internat i nabobyen på den andre sida av ei flytande frontlinje. Det blir ei tre dagar lang reise tur–retur helvete.
Handlingsdrive
Romanen er sterkt handlingsdriven frå scene til scene og gir levande bilde av eit sivilsamfunn i oppløysing og forfall: Ingen stoler heilt på den andre, ingen veit kven som støttar kven, ingen har oversikt, det heile er kaos og folk på flukt bort frå krigshandlingane i eit vinterleg og diffust landskap fylt av snø og slaps, søle og gjørme, bilvrak, skrot og avfall, knuste ruter og øydelagde hus, butikkar, skolar, sjukehus, alt slik vi kjenner det frå tallause reportasjar, sterkt og nærverande, og ein kjenner seg uvel og smitta av den nervøsiteten, angsten og redsla som blir skriven fram med stor kraft innanfor krigens psykologi, prisgitt lovløyse og korrupsjon i ei klaustrofobisk stemning.
Internatet er ein antikrigsroman av sjeldan kaliber, utan heltar og utan vinnarar, men om det likevel skal peikast på ein vinnar, vil det vere det sivile motet og den humaniteten som den i utgangspunktet nokså tafatte og tiltakslause Pasja viser. Han vågar seg inn i ei krigssone for å redde ut den 13 år gamle nevøen, og begge blir djupt prega av det, ikkje der og da mens dei står midt oppi det, men truleg seinare i form av traume og søvnløyse, nervøsitet og mistankar.
Meiningslaus krig
Det er heilt forferdelege scenar i denne romanen, og sterkast inntrykk gjer kanskje den døde soldaten i eit minefelt. Ingen har henta han ut, men telefonen hans ringer kvar dag til ei bestemt tid. Like eins ein døyande unggut som prøver å ringe heim frå sjukehuset, men ingen tar telefonen. Desse komprimerte scenene opnar dørene inn til det totalt meiningslause i kvar krig, anten det no er dagsaktuelle Ukraina eller Midtausten eller kor som helst.
Serhij Zjadan reiste frå Starobilsk tidleg på 1990-talet og slo seg ned i Kharkiv, der han framleis bur. Han har tidlegare levert strålande romanar om det postsovjetiske Aust-Ukraina, heile vegen i sterk solidaritet med dei svakaste i samfunnet og deira evne til å overleve i ei verd av korrupsjon og lovløyse.
Internatet er med dette tilrådd på det sterkaste.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB