Bok

Krig, kjærleik og ruinar

Blindgjengere er ein overtydande roman om lagnadstunge val i vonde tider.

Atle Næss har skrive ei rekkje bøker, både romanar og dokumentar- og faktabøker.
Atle Næss har skrive ei rekkje bøker, både romanar og dokumentar- og faktabøker.
Publisert

I randsonene av eksistensen får ein stundom auga på konturane av sanninga, og i dei ekstreme situasjonane kjem det fram kven ein eigentleg er. Såleis skjer det ikkje på slump når ein forfattar nyttar krig som kulisse og premiss, slik Atle Næss har gjort med hell og dugleik i den nye romanen sin.

Der møter me Sepp Bräuer, ein ung tysk artillerist som sommaren 1940 kjem til den norske fjellbygda Vrå og vert mellombels innkvartert hjå familien Haugen, der han snart vert kjend med sonen i huset, Jon, og dottera Marit. Sepp er ein høvisk mann, han er merksam på det spesielle i situasjonen, han gjer alt han kan for ikkje å vera til plage for familien Haugen, som ufriviljug står som vertskap. Etter ei tid vert det klart at Sepp er forelska i Marit og ho i han, og det syner seg at også høvisk framferd fører til graviditet. Ein er ikkje trygg same korleis ein ter seg.

Barn med tysk soldat

Sepp og Marit lyt søkja om løyve til giftarmål, etter tysk rasepolitikk er det ikkje lett å få alt på det reine. Medan Marit altså får barn med ein tysk soldat, prøver Jon truleg å gjera inntrykk på ei norsk jente ved å syna seg som ein god nordmann, og gjennom heile romanen etter dette ligg det ein eim av mistanke kring Sepp, for han får brått grønt lys for ekteskap med Marit, mot alle odds.

Marit får ein son, Hermann, og ho og guten lyt flytta til familien Bräuer i Erfurt, og der held romanen fram gjennom heile krigen. Og det er særleg her Næss imponerer som romanforfattar. Krigen vert skildra frå det sivile Tyskland, ein høyrer propaganda her og rykte der, frå trefningar og slag som fekk namn seinare, dei hadde ikkje slike namn i samtida, og Næss går aldri i den anakronistiske fella. Han skildrar personar og dagleg strev absolutt overtydande og truverdig, utan oppramsing av tidstypiske fenomen. Tidsbiletet veks såleis naturleg fram, og lesaren er aldri i tvil om at dette verkeleg er Erfurt på 1940-talet.

Ei tid er krigen mest bakgrunnsstøy, bombeflya passerer som oftast utan å sleppa lasta si akkurat der, men tida går, og Marit får no og då høve til å tenkja på kva som kan ha skjedd den gongen Sepp brått fekk løyve til å gifta seg med henne. Ho har fått nyss om at Jon er i vanskar heime i Noreg, og undrar seg på om Sepp har noko med det å gjera, at han måtte ta ei lagnadstung avgjerd, men sikker på dette vert ho ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement