JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Krafta i
forteljinga

Å leve i fred med naboen byr på store utfordringar – særleg i Midtausten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tor Åge Bringsværd gir ut fire bøker berre i år.

Foto: Johanna Siring

3378
20180921
3378
20180921

Fragmentroman

Tor Åge Bringsværd:

Når du minst venter det

Cappelen Damm

Tor Åge Bringsværds bibliografi kan ta pusten frå kven det skal vere. Han er det ein må kalle hyperproduktiv. Sidan debuten i 1966 har han signert over 200 titlar, ofte saman med ein medforfattar eller ein illustratør. I snitt gir dette fire titlar i året. I 2018 er han ute med fire nye bøker. Ei av dei er romanen Når du minst venter det.

Her møter ein forteljaren Pietro. Han skal vere nemnt i Marco Polos testament, elles veit ein ingen ting om han. Med det utgangspunktet er det fritt fram for fabelen og fantasien, og han kan fortelje historia si utan å bli korrigert eller konfrontert med historiske fakta. Samtidig er han plassert i ei tidsramme som femner Marco Polos liv (1261–1324), og handlinga er laust knytt til Marco Polos historie, sidan Pietro har følgt han i tjukt og tynt gjennom 50 år, som rådgjevar og livvakt. Derfor har Bringsværd valt fragmentroman som sjangernemning.

Historie på historie

I skrivande stund er Pietro ein aldrande mann på veg tilbake dit han kom ifrå, til den uyghuriske folkegruppa nordvest i dagens Kina, men han har stranda blant eldfolket i den persiske ørkenbyen Yazd utan særleg håp om å komme seg vidare. Derfor må han tilpasse seg vilkåra som finst i ein by der intoleransen er rotfesta i religiøs fanatisme, og der skiljet mellom ulike maktgrupperingar går mellom vantru og rettruande. Pietro står utanfor desse motsetningane samtidig som han blir trekt inn i dei gjennom eit nært vennskap med oldingen Siamak frå minoriteten eldfolket og den tvangskonverterte dottera Nasrin. Dei er alle prisgitte den muslimske mobben, aggressivt rettruande, og når Siamak forkynte Zarathustras lære, skar dei ut tunga som den ultimate forma for sensur. Desse to pluss ein pjuskete hund, urein i muslimske auge, blir det nettverket Pietro har.

Men Pietro er ikkje tapt bak ei vogn, som det heiter. Han har levd eit liv nær maktsentrumet både i aust og vest, han har sett meir av verda enn alle andre gjennom farefulle reiser, og han har utvikla ei forståing av sameksistens på tvers av religiøse barrierar. Han kan fortelje, og gjennom forteljing oppstår kontakt. I dagar og veker auser han generøst ut den eine historia etter den andre, ikkje ulikt Sjeherasad i Tusen og en natt. Pietro prøver kanskje å redde sitt eige liv gjennom fantasien og makta fabelen har over tilhøyrarane, slik at eit medmenneskeleg ansvar om å leve i fred med kvarandre står tilbake som den universelle bodskapen han vil formidle, ikkje berre der og da, men også her og no.

Fabulerande

Samtidig har Pietro sider som ikkje er fullt så sympatiske. Han har mange liv på samvitet, og han kan opptre både som angivar og bakspelar i den rå og nådelause maktkampen han er vitne til.

Når du minst venter det føyer seg fint inn i rekka av fabulerande romanar med historisk bakteppe frå Tor Åge Bringsværds hand. Gobi-serien (1985–1997), fembandsverket om Dsjengis Khan, er nok høgdepunktet, men når ein nærmar seg 80 år, er det ikkje lenger noko å bevise.

For ein stor og trufast lesarskare er det berre å nyte enda ein Bringsværd-roman.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når du minst venter det føyer seg fint inn i rekka av fabulerande romanar frå Tor Åge Bringsværd.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis