Konfliktar i fredsteneste
Kjell Olden skriv om skadar ingen ser.
Kjell Olden var FN-soldat i Libanon i slutten av 1970-åra.
Foto: Tiden
Roman
Kjell Olden:
Minerydding
Tiden
Kjell Olden debuterer i godt vaksen alder med romanen Minerydding. Han er fødd i 1952, kjem frå Ørlandet og bur no i Trondheim. Stoff til debutromanen hentar han frå sine eigne erfaringar som FN-soldat og mineryddar i Libanon på slutten av 1970-åra, ei teneste som i ettertid skulle setje djupe spor i form av krigstraume og psykiske problem. Med visse atterhald kan romanen lesast sjølvbiografisk, ja, kanskje også i eit terapeutisk overlys.
Konfliktliner
Det er fleire konfliktliner i romanen, på både makro- og mikronivå; den politiske konflikten mellom Israel og palestinarane ligg open i teksten, men det gjer også konflikten mellom FN-soldatane og lokal milits, mellom ulike religionar i området og internt mellom FN-soldatane. Den namnlause forteljaren og kjærasten heime i Noreg har også ein konflikt gåande kring streng kristentru og ateisme, ein konflikt som forplantar seg inn i støtte til Israel kontra støtte til palestinarane.
Romanen er ukronologisk, flimrande og fragmentarisk, med korte tekstbitar som pendlar mellom Noreg og Libanon, mellom skremmande draumar og vaken tilstand. Frustrasjonen til kjærasten kjem til uttrykk i brev og oppsummeringar, mens forteljaren skildrar situasjonen i Libanon, og ein forstår etter kvart at han prøver å dempe angst og spenning gjennom hard trening eller hard drikking.
Seinskadar
Slik held han også fram etter at tenesta er over. Samlivet med kjærasten Sara blir krevjande for begge partar, og seinskadane i form av mareritt, tynnslitne nervar og manglande konsentrasjon går ut over både arbeid og samliv.
Til slutt må han kaste inn handkledet og søke profesjonell hjelp. Dette blir nemnt nærast i forbifarten, som noko forteljaren helst ikkje vil snakke om. Det som blir til verkeleg hjelp, er å restaurere ei gammal familiehytte på fjellet. Symbolikken i dette er tydeleg: rive ned og byggje opp på nytt: «Fundamentet må vera jordbunde, helst bergbunde. (…) Og det du hakkar sundt, må du få opp. Det må tola dagslyset.»
Som debutarbeid toler Minerydding dagslyset, og romanen tar opp eit viktig tema: tunge seinskadar etter skarpe oppdrag i krigssonar.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som debutarbeid toler Minerydding dagslyset.
Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.