JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kodespråk

Den språklege leiken manglar i Zeshan Shakars nye soge om våre ikkje lenger fullt så nye landsmenn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Julie Pike/Gyldendal

Foto: Julie Pike/Gyldendal

3628
20200904
3628
20200904

Roman

Zeshan Shakar:

Gul bok

Gyldendal

«Den vanskelege andreboka» er kanskje ein klisjé, men i tilfellet Zeshan Shakar umogleg å kome utanom. Den store suksessen Groruddal-forfattaren hadde med Tante Ulrikkes vei har skapt svære forventningar og gjer det vanskeleg å ikkje lese Gul bok opp mot debuten.

På Haugenstua i Groruddalen bur Mani i ei leilegheit saman med faren. Han er nyutdanna økonom frå BI og på jobbjakt. Planen om å tene masse flus (pengar) i det private næringslivet har så langt ikkje slått til. Han må søkje seg til det offentlege og får napp i Barne- og familiedirektoratet. Ein stor del av boka skildrar budsjettarbeidet og livet i korridorar og møterom i Regjeringskvartalet, namnet på romanen er byråkratslang for statsbudsjettet.

Mani kjem frå ein heilt annan bakgrunn enn kollegaene, strevar for å skjøne kodane og unngå å dumme seg ut. Stort sett greier han seg bra. Mani er smart – kanskje for smart, og han er ikkje udelt sympatisk. I strevet med å sparke frå for sjølv å kome seg opp og fram, råkar han iblant andre. Hovudpersonen har likevel eitt viktig forsonande trekk: Han sviktar aldri faren. Faren er merkt etter ei arbeidsulykke og har i stor grad berre sonen som meiningsberande innhald i livet. Framstillinga av faren og tilhøvet mellom far og son sit verkeleg godt i denne romanen.

Tamd skrift

Framandkjensla er godt skildra, men med mindre av varmen og sjarmen som debutromanen hadde. Aller mest saknar eg det friske, originale språket og dei spontane meiningsytringane til særleg den minst skolerte karakteren i debutromanen. Også i Gul bok finn vi innslag av innvandrarnorsk og tekst i chatteloggar, men dette er ikkje ein integrert del og blir meir utvendige rekvisittar.

Shakar prøver seg på samfunnssatire i skildringane av byråkratiet, men det som grip meir, er når vi kjem tett på Mani og krysspresset han står i av kodar og forventningar. Økonomen er sett i ein skvis: Ettersom han lærer seg kodane han treng i det nye miljøet, fjernar han seg frå sitt eige, frå venner og kjærasten. Mani var med i eit crew (ein gjeng) som dreiv med litt av kvart. Desse erfaringane ligg og ulmar. Blir han provosert nok, renn det over, og han ytrar seg på ein måte som grensar til den fysiske valden han sjølv brukte og var omgitt av i ungdomsgjengen. På godt og vondt bur det meir i Mani enn det han kan syne fram der han no ferdast. Likevel er det synd at forfattaren trekkjer seg når han rører ved det verkeleg mørke og farlege. Det er som om det grå byråkratiet tøymer ikkje berre karakteren til Mani, men også skrifta sjølv.

22. juli

Handlinga er lagd til perioden frå 2010 til 2012. Mani jobbar i høgblokka i regjeringskvartalet. Skildringane frå sommaren 2011 frå ein som er midt oppe i hendingane, er ikkje sterke nok til at vi verkeleg kjenner dei på kroppen. Søkjelyset ligg mykje på dei praktiske ulempene. Dei var sjølvsagt store for dei som hadde arbeidet sitt her, men skal ein først ta opp dette nasjonale traumet, er det litt skuffande at det ikkje blir gjort med større tyngde og temperatur.

Samanlikna med trykket og kreativiteten i den knallsterke debuten er Gul bok bleikare. Likevel er det ein roman med mange fasettar. Shakars stemme og blikk frå ein annan ståstad enn den dei fleste norske forfattarar har, utgjer også denne gongen eit viktig bidrag til den norske offentlegheita.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er som om det grå
byråkratiet tøymer ikkje berre
karakteren til Mani, men også skrifta sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis