Klimabrølet i bokform
Bodskapen i Verden på vippepunktet er så viktig at kvar og ein av oss bør lytte, tenkje og agere.
SAKPROSA
Dag O. Hessen:
Verden på vippepunktet. Hvor ille kan det bli?
Res Publica
Dag O. Hessen er biolog og professor ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei mengd fagartiklar og bøker, men også på andre måtar formidla forsking på natur, miljø og klima gjennom mange år.
Det blir stadig mindre natur og stadig meir klimagass. Klimaendringar kjem ikkje av CO2 aleine. Urbanisering og industrielt jordbruk gjer at vi legg under oss stadig meir av jordas overflate. Skogar og andre viktige økosystem er under press. Artar blir utrydda, og på mindre enn 50 år har bestandane av dyr i verda blitt dramatisk reduserte. Økosystema på landjorda og i havet er betydeleg endra som følgje av menneskeleg aktivitet og jakt etter næring. Ei veksande befolkning forbrukar stadig meir og utset planeten for kraftig slitasje. Klimaendringane rykkjer oss stadig nærmare inn på livet. Ekstremvêr som tørke og ekstrem nedbør, skogbrann og flaum er vanlegare enn før. Det er rimeleg lett å finne svar på kvifor det er slik, men å gjere dei nødvendige grepa for å bremse den uheldige utviklinga, har vi langt større vanskar med.
Optimisme og skepsis
I desember 2015 blei den hittil mest omfattande klimaavtalen signert. Parisavtalen er juridisk forpliktande og nesten alle landa i Dei sameinte nasjonane har underteikna og levert friviljuge nasjonale utsleppsmål. Formålet er å halde den globale oppvarminga under 2 grader, i beste fall under 1,5 grader. Sjølv om USA mellombels trekte seg frå avtalen, er det likevel grunn til optimisme for globalt klimasamarbeid i åra framover, om tiltaka er tilstrekkjelege.
Forskarane gir ikkje eintydige svar på klimaspørsmåla. Vi ser at situasjonen er alvorleg, men bør likevel stille oss nyfikne til kva det er vi veit, og kva vi ikkje veit. Samstundes meiner Hessen det er meiningslaust å snakke om global kollaps.
Mange fråskriv seg ansvar for å gjere noko. Saman med USA og Saudi-Arabia er Noreg faktisk ein av dei mest klimaskeptiske nasjonane i verda. Sjølv om det er aukande bekymring og engasjement i miljøspørsmål også her til lands, ser det ut til at det sit langt inne å erkjenne at vi sjølve må gjere noko for å skape endring. Den dominerande haldninga er at det i liten grad spelar ei rolle kva den einskilde nordmann eller nasjonen Noreg gjer. For svært mange av oss er det kva andre gjer, som tel, spesielt store nasjonar som USA, India og Kina.
Sidan vi framleis sit på store verdiar i gass og olje, ønskjer politikarane våre å satse på berekraftig forureining framfor å gjere miljøgrep som verkeleg gir effekt. Hessen er klinkande klar på at alle har eit ansvar, og at synspunkt som at andre skal ordne opp, er eit alvorleg problem.
Løysingar finst, men vi må mobilisere vilje til å gå den tunge vegen mot endring. Hessen ser ikkje for seg at sirkulær økonomi og grøn vekst er vegar å gå. Han tek til orde for at vi er nøydde til å endre livsstil og redusere forbruket. Teknologien kan langt på veg hjelpe oss, spesielt når det gjeld å finne alternative energikjelder. Til dømes syner forsking at det er eit stort potensial i hydrogen som energiberar, og om vi ein gong i framtida klarer å meistre utfordringane med fusjonsenergi, løyser vi planetens energibehov for alltid. Fusjonsenergi kan virke utopisk her og no, men forskinga har kome såpass langt at moglege løysingar kan vere i sikte om vi skodar nokre tiår fram i tid. Slike interessante moment nemner Hessen i liten grad i boka si.
Koronaerfaringane syner oss at vi ikkje har, eller kan ha, kontroll over naturen, men også at vi klarer å ta eit kollektivt krafttak når vi får kniven på strupen. Kvifor greier vi ikkje å gjere same stramme grepet mot klimatrugsmåla? Eller blir vi kan hende med tida i stand til å lære av utfordingane vi no står midt oppe i?
Ein viktig formidlar
Med Verden på vippepunktet fekk Hessen Brageprisen for beste norske sakprosabok i 2020. For sitt langvarige og omfattande arbeid med å popularisere og allmenngjere viktig kunnskap, fekk han samstundes Brages heiderspris. Med slik merksemd og tillit kan Hessens klimabodskap nå ut til langt fleire enn dei faste tilhengjarane. Det trengst.
Hessen skriv godt på eit lettfatteleg språk. Han syr saman dei ulike delane av eit stort og mangesidig tema på ein fin måte. Naturtap, klimaendringar og målsetjingane om å bevare planeten blir dyktig balansert mot dei motsette behova for velstand og vekst. God er han også til å framstille synstpunkta til motstandarane med respekt, samstundes som han med fagleg tyngde imøtegår argumenta deira.
Hessen er ein framifrå formidlar av eit uhyre komplekst fagstoff, men mest av alt er Verden på vippepunktet så aktuell og viktig at boka bør lesast av alle. Faktisk bør ho ikkje berre lesast, ho bør rive oss ut av godstolen og få oss til å agere. Når ein forskar av Dag O. Hessens kaliber hevar røysta, er det verkeleg god grunn til å lytte. Han meiner alvor. Klimaendringar og natursvinn utgjer minst like store trugsmål mot menneskearten som ein viruspandemi. Kampen må takast no.
Per Roger Sandvik
Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hessen er ein framifrå formidlar av eit uhyre komplekst fagstoff.
Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.