Bok

Kjeldekritisk kongesoge

Øystein Morten har gått i fotefara til Olav Tryggvason på jakt etter kunnskap om kongen.

Publisert

Humoristen Odd Børretzen omtala tilhøvet til sagalitteraturen slik: «De gangene Vitenskapen kan kontrollere sagaens ord, så viser det seg gang på gang at sagaen uttrykker unøyaktigheter, forvrengninger eller det rene sludder. Men alle de gangene Vitenskapen ikke kan kontrollere noe som helst, godtar Vitenskapen alt som står der til siste mann som falt på begge sider.» Han ville rettnok gjera eit unntak for Olav Tryggvason, sidan styringstida 995–1000 er så lett å hugse.

I den nyaste boka si vil Øystein Morten finna ut kva me eigentleg veit om Olav Tryggvason, dersom me går ut frå at kongesogene i hovudsak er fiksjon. Kanskje fell forfattaren for lett for eit anten–eller her, for jamvel om sogene inneheld mange detaljar og vandrehistorier som må vera lagde til av ein forfattar, er det nok ein historisk kjerne i dei. Også på 1200-talet fanst ordet lygisaga om ei oppdikta historie, i motsetjing til soger som gjev seg ut for å vera sanne.

Utanlandske krøniker

Morten stør seg til utanlandske krøniker som fortel om hendingar i Danmark og England der Olav er innblanda. Det er vel ikkje sikkert det berre er gudsens sanning i slike kjelder heller, jamvel om dei står hendingane nærare i tid og rom enn kongesogene frå 1200-talet. Dessutan nyttar han skaldedikt, med same argumentasjon som Snorre gav i Heimskringla: Dei skulle rosa herskaren, men skamros ville verta oppfatta som hån, og dei måtte difor vera sanne. Men samstundes er skaldedikta vanskeleg tilgjengelege, og som Morten sjølv peikar på, ofte «så forbannet tvetydige». Når det gjeld Olav Tryggvasons tid i Noreg (995–1000), må også Morten ty til kongesogene, med mål om å finna «en understrøm av sannhet i sagaene». Dette er i tråd med gjengs haldning blant moderne historikarar. Med denne skepsisen til overleverte førestillingar om mellomalderen kunne me vona på tilsvarande skepsis til ordet viking, men det vert Morten freista til å nytta i nokså romsleg tyding.

Som tittelen viser, er ikkje dette berre ei bok om Olav Tryggvason, men like mykje om Mortens jakt på kunnskap om kongen. Han har lagt vekt på å sjå og oppleva dei stadene der kong Olav kanskje eller kanskje ikkje var, og me får fylgja den intellektuelle oppdagingsreisa i lag med den fysiske reisa rundt i Nord-Europa. Somme kan nok kanskje få nok av skildringane av Mortens turar og nøyaktige alkoholkonsum, og jamvel Mortens eiga mor, som reisefylgje, spør kvifor turen til Borg i Lofoten er relevant. Eg lurar på det same.

Tynt kjeldegrunnlag

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement