Kjærleikens trigonometri
Velsignelser inneheld stilreine noveller om sorg, sakn og undertrykte kjensler.
Danske Caroline Albertine Minor vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for novellesamlinga som no er omsett til norsk.
Foto: Lærke Posselt
Noveller
Caroline Albertine Minor:
Velsignelser
Omsett av Hilde Rød-Larsen
Cappelen Damm
Sjølv når du står stille, er du undervegs, mellom det som har skjedd og som du ikkje kan gjera noko med, og det som kjem og som du ikkje veit korleis du skal klara. I novellene til Caroline Albertine Minor har personane meir avgjerande fortid enn påliteleg framtid, sorga vandrar sjeldan i lag med gleda, men fylgjesveinar har ho, sorga, eller som det heiter i ein song: «You’ll never walk alone.» Her heime seier me gjerne at ei ulukke sjeldan kjem åleine, men i Danmark, heimlandet til Minor, ser dei kan hende annleis på det, sjølv om det ikkje ser ut til at kvar dag har nok med si pine. Men det er nære på!
Samanheng
Nokre av novellene har same persongalleri, eller dei høyrer i det minste saman, slik at ein kan lesa boka også som ein roman, med avstikkarar her og der. I desse romanliknande delane av boka er det sentrale eit sjølvmord. Ei ung jente, Anne-Sophie, for det meste kalla Anso, har hengt seg i Perth i Australia, der ho jobba som au pair for ekteparet O’Brien, eller helst som såkalla nanny for dei to døtrene deira. Den drastiske handlinga kom heilt ut av det blå for vertsfamilien, og foreldra til Anso, som reiser til Australia for å sjå staden der jenta døydde, har heller ingen grunn til å tru anna enn at jenta hadde det godt. Men noko seinare får mora, Gedske Vang, eit brev frå ei Edwina Pey i Australia. I brevet står det at Anso hadde eit kjærleiksforhold til mannen hennar, Archie Pey.
Atterhalden
Minor er stundom atterhalden med detaljane i det som har hendt, men minutiøs i skildringa av verknadane det har, ikkje minst dei indirekte. I fleire av novellene kan ein dessutan ana eit trekantmotiv, eller fleire. Hovudpersonen deler merksemda si, og kanskje også kjærleiken, på fleire, anten samstundes eller før og etter eitkvart. Andre motiv som går att, er at nokon har forsvunne, eller til liks med Anso har døydd. I novella «Varmest» har Benjamin, mannen til den kvinnelege hovudpersonen, berre stukke av frå henne og den vesle dotter deira, og lesaren forstår, etter å ha lese somme passasjar fleire gonger, at kvinna, som fører ordet, ikkje har full kontroll over seg sjølv, ikkje eingong når ho nemner den tidlegare forvirringa si, som då ho skreiv på ei hovudoppgåve om objektlaus sorg, og resultatet berre vart rot.
Ho har fått seg det eg vil kalla ein balkongnabo, ikkje heilt ulik den underlege grannen til politimannen Martin Beck, men denne heiter Karl og serverer speilegg, ikkje drammar, eller en stänkare, over balkongkanten, og det er ikkje råd å vita sikkert om det ho seier til lesaren, også er noko ho seier til denne Karl. Etter kvart går han i eitt med han som stakk av, slik at lesaren lyt stilla seg kjeldekritisk til forteljaren, og det må seiast at dette er virtuos skrivekunst av Minor, som er så gniten med leidetrådar som berre ein tidlegare student ved ein nordisk forfattarskule kan vera. Lesaren må altså skjerpa seg. Og det gjer han jo!
Sjølv om det er mykje fødsel, mjølk og mekanisk sex i denne boka, minner stilen og perspektivet tidvis om slikt ein finn hjå J.D. Salinger: Ein er i utkanten av det avgjerande, observasjon er fortid og refleksjon notid, og personane kan både tenkja og ordleggja seg. Omsetjinga til Hilde Rød-Larsen er også god, ikkje minst ved at teksten er norsk utan så mykje som ein snev av dansk aksent.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det må seiast at dette er virtuos skrivekunst av Minor.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.