JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kjærleikens flo og fjære

Minnet er både ven og fiende i Prousts stilleflytande prosa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marcel Proust (1871–1922) fotografert i 1895.

3526
20240105
3526
20240105

Roman

Marcel Proust:

Swanns kjærleik

Omsett av Margunn Vikingstad
Skald Forlag

Kven er du på utsida, den sida andre meiner dei ser, og kven er du på innsida, den berre du ser? Truleg er skilnaden større enn du har tenkt deg, og endå mykje større enn dei andre har tenkt seg, om dei i det heile har tenkt over saka. For dei har vel nok med sitt, dei også. Slike ting kjem eg i tankar om under lesinga av Swanns kjærleik, ein roman i den store romanen På sporet av den tapte tid av Marcel Proust.

Fransk overklasse

Swanns kjærleik er ei nyomsetjing i klassikarserien frå Skald, og nok ein gong eit litterært høgdepunkt. Det kjem ikkje av handlinga i boka, men måten ho er skriven på, den grundige granskinga av menneskesinnet som truleg berre fiksjonen kan gje oss, og då særleg når han ser ut som noko faktisk.

Proust skriv om hendingar i sosietetslivet i Frankrike, truleg i 1880-åra (teksten nemner ein president Grévy, og han regjerte i tidsrommet 1879 til 1887), då ein velståande herremann, Charles Swann, forelska seg i Odette de Crécy, ei ung dame som, syner det seg etter kvart, har intim omgang med ein heil del andre menn, og nokre kvinner også. Alt dette er usynleg for Swann i byrjinga, då han er i hyppige selskap hjå ekteparet Verdurin, som roser seg av å samla fargerike personar i krinsen sin, der få gjer noko nyttig, men alle skriv brev heile tida, og personar kan falla inn i og ut av nåde utan konkret årsak.

Swann tykkjer ikkje så mykje om Odette i byrjinga, men eitt eller anna ved henne grip han, og snart krinsar tankane hans om Odette og lite anna. Han er så å seie fanga av gravitasjonen hennar, men denne tilstanden er ikkje stabil. Opp over øyra forelska som han er, vil han også ha ho heilt for seg sjølv, men det er ikkje mogleg, og snart vert han gripen av sjalusi.

Kvernande tankar

Vekslingane i sinnet hans, kjærleikens flo og fjære, er skildra eminent av Proust, han tek seg tid til å skrive ut lange scener i tankane til Swann, der det ufriviljuge minnet tidt er å sjå, det som ovrar seg etter ei sansing, slik Proust også opna minnet for heile storverket sitt ved smaken av ei madeleinekake.

Hjå Swann er det ein frase i eit musikkstykke som er eit «sesam, sesam» for minneporten, og for den som tek seg tid til å lesa seint og grundig, er det mykje ein kan kjenna seg att i når det gjeld tankane til Swann, til dømes måten dei kvernar på nokre elles uviktige ord andre har sagt, og aldri vert ferdige med å leita etter løynde synder attom uskuldige gestar. I tanken, og særleg mistanken, brukar han så å seie Odette opp, og når ho, truleg utan å forstå det sjølv, stadfestar det han mistenkjer, vert det endå verre for Swann.

Det er altså interessant lesnad, men ikkje just underhaldande. Og somme parti av boka er på nokre plan keisame. Her er det lange replikkvekslingar som ikkje er anna enn sosietetssladder frå byrjinga av det førre hundreåret, og ei oppstilling av aristokratar og andre privilegerte som ikkje vedkjem lesaren i det heile. Men også her er Proust dyktig til å skildra folk frå fleire sider, sjølv om nokre av personane kan verka karikerte, mellom dei ein doktor Cottard, som stort sett konverserer ved hjelp av malplasserte ordspel, og andre som i kvar setning må syne fram relasjonen dei har til ein eller annan selebritet. Men prosaen flyt fint og stille i ei omsetjing Margunn Vikingstad kan vera stolt over.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis