JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kjærleiken er kort, kunsten er lang

Et elskelig menneske er ein fin roman frå det namnlause grannelandet til kjenslene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Odd Klippenvåg har gjeve ut 22 bøker i roman- og novellesjangeren.

Foto: Lillian Hjellum / Fotografene Lillian&Lena

3614
20190405
3614
20190405

Roman

Odd
Klippenvåg:

Et elskelig menneske

Cappelen Damm

Når ein mindre verdsvand person, til dømes ein mann, les ei bok og forstår at teksten handlar om likekjønna kjærleik mellom kunstinteresserte menneske, kan vedkommande lesar lett gå i fordomsfella og tenkja at han no sikkert får oppleva ein tekst i høgprosa der den fysiske tiltrekkinga er sett til side av elegante formuleringar om sublime og subtile kjensler som han aldri har opplevd sjølv, av di han er ein bavian, men der syner det seg at han tek feil, ikkje om bavianen, men om teksten. For denne kjærleiken er i grunnen temmeleg lik annan kjærleik.

Odd Klippenvåg har skrive ein fin roman med eit slikt tema, der den middelaldrande galleristen Birger Mostul i Oslo ein dag vert oppsøkt av barndomsvennen Kjerand, og lesaren forstår at det er ein slags gneiste mellom dei to. Birger fører ordet og røper nokså snart at han er homofil, medan Kjerand både har vore gift og øksla seg, slik at ein ikkje straks plasserer han i ein seksuell kategori, men reknar han som eit menneske.

Dissonans

Det syner seg at Kjerand har prostatakreft og er i hovudstaden for strålebehandling. Han kjem, som ein kan høyra på namnet, frå landlege trakter, endåtil Øyfjell i Telemark, der jo folk berre har namn frå oldtida. Slik har han ei syster som heiter Jarbjørg, ein annan barndomsven heiter Tollef, så her er det heil ved.

Birger er travelt oppteken med galleriet sitt, her er stadig utstillingar av samtidskunst, og salet går strykande, noko som får lesaren til å hugsa at boka trass i alt er rein fiksjon. Kor som er, inviterer han Kjerand til å flytta inn hjå han, og Kjerand seier ikkje nei takk til slikt eit tilbod. Så utviklar det seg ein relasjon mellom dei to.

Det Klippenvåg får best til i denne romanen, er ikkje skildringa av kjærleiken eller av kjenslene, teksten er heller lågmælt og kvardagsleg, om det enn dukkar opp ord som «lykkerus» og «sønderknust» her og der. Nei, Klippenvåg er ein meister i å syna dissonansen mellom avsendar og mottakar av replikkar, korleis hovudpersonen er skiftevis for mykje eller for lite merksam på dei moglege tolkingane av det han seier, og kor var han er når utsegner møter uventa reaksjon. Ord er ei investering, men ho kastar stundom lite av seg.

Val og vilje

Birger Mostul er i kontakt med mange kunstnarar, og somme har same evne som Kjerand til å reagera annleis enn han har tenkt seg. Dei er litt irriterande, og det gjer dei interessante, for ein veit ikkje kvar ein har dei, forfattaren veit det heller ikkje, kontrollen ligg ikkje hjå han, og slett ikkje hjå Birger Mostul, og dermed minner romanen om den røynlege verda, i alle høve til neste rapport om godt sal av verka til norske samtidskunstnarar rykkjer lesaren attende til fiksjonen.

Bakpå boka står det at ho handlar om avgjerande val i livet, men eg tykkjer det sentrale i handlinga ikkje dreier seg om val, men noko som ovrar seg utanom val og vilje. Klippenvåg prøver ikkje å skildra kjenslene med store ord, her er nokre intime scener, men best er teksten der han er relevant for alle, ved slike småkeitete rørsler og ukontrollerte uttrykk for omtanke som ein kanskje kan kalla det namnlause grannelandet til kjenslene. Og når ei tragisk hending mot slutten vert levert utan sikker konklusjon, korresponderer det fint med tonen elles i romanen, der det røynlege syner seg best i det uvisse.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Odd Klippenvåg prøver ikkje å skildra kjenslene med store ord.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis