Bok
Kjærleik og tunge tabu
Khaled Khalifa skriv om Aleppo som lagnad.
Syriske Khaled Khalifa har motteke prisar både for romanane sine og for manus til TV-program og filmar.
Foto: Yamam Al Shaar
Syria har vore i mediebildet så godt som dagleg sidan folkeopprøret starta i 2011. Den borgarkrigen som utvikla seg, fekk etter kvart internasjonale forgreiningar med alliansar i alle retningar under kampen mot IS og kalifatet, men også i Assad-regimets kamp for å halde på makta. Det heile har vore rått og omsynslaust og med krigsbrotsverk på begge sider.
Dette dannar ein del av bakteppet for syriske Khaled Khalifas roman Ingen kniver på kjøkkenet i denne byen, som kom ut på arabisk i 2013. Byen er Aleppo, der Khalifa, eller forteljaren, har vakse opp i ein storfamilie med sterke indre motsetningar og med ei mor som lever på aristokratiske draumar om det osmanske riket etter at ho måtte slutte som lærar. Meininga i tilværet hennar forsvinn, og det gjer det også for dei tre gjenlevande barna: dottera Sawsan, sonen Rashid og den namnlause forteljaren. Livet deira er sterkt prega av det kulturelle og økonomiske forfallet under Baath-partiet. Sjølv om dei strittar imot løgnene og den politiske uniformeringa, må dei heile vegen gå på akkord med si indre overtyding og inngå ulike former for kompromiss for å overleve i eit samfunn der det anstendige blir sett på prøve i møte med korrupsjon, forræderi, vald og simple brotsverk av spyttslikkarar og klakkørar innanfor det militære, politiet og den politiske leiinga.
Inngåande skildring
Sawsan, blendande vakker og sjarmerande, søker seg til militæret og overvakingspolitiet, blir spion og angivar, før ho bryt over tvert og søker seg til religionen. Men heller ikkje der finn ho det ho leitar etter, noko å gå opp i og gi seg over til. Ho er heile vegen i klem mellom religion, kulturell tradisjon, eigne lyster og mangelen på identitet.
Det same gjeld den yngre broren Rashid, som er musikar og komponist. Heller ikkje han finn det han leitar etter, før han lèt seg verve av jihadistar som reiser til Bagdad for å slåst mot amerikanarane etter invasjonen av Irak i 2003. Han overlever krig og fengsel og vender heim med store traume og ei uimotståeleg dødsdrift.
Onkelen Nazir er også inngåande skildra. Han er ein kjent musikar og komponist, samtidig er han homofil og lever eit hemmeleg og ynkeleg liv med misbruk og overgrep frå så vel imamar som fengselsvakter utan at det knekker han som eit anstendig menneske med eit verdig liv. Både Sawsan, som får horestempel, og Nazir utfordrar tunge tabu i den arabiske kulturens dobbelmoral, der skam og ære går hand i hand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.