JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kjærleik i krigsskuggen

Isabel Allendes nye roman gapar over for mykje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Isabelle Allende slo gjennom som forfattar i 1982.

Foto: Gyldendal

3650
20200207
3650
20200207

Roman

Isabel Allende:

Over havet

Omsett av Signe Prøis
Gyldendal

Chilenske Isabel Allende vart ei litterær verdsstjerne då ho debuterte med Åndenes hus i 1982. Latinamerikansk litteratur hadde ein boom på den tida, og colombianaren Gabriel García Márquez fekk Nobelprisen same året. Solidariteten med det chilenske folket og lidingane deira under diktaturet var ein spore til ei generell interesse for det mangslungne Latin-Amerika. Allendes tidlege romanar var sterke soger frå ei eksotisk røynd, med forførande innslag av det overnaturlege og eventyrlege. Den litterære stilen fekk merkelappen «magisk realisme».

Forfattaren er omsett til 42 språk, har fått nærare 60 litterære prisar og er svært produktiv. Dei seinare bøkene hennar har likevel vore litterært mindre interessante. Også i Over havet syner chilenaren berre glimtvis den særeigne og lokkande skrivemåten ho hadde i tidlegare utgivingar. Ho skriv ikkje dårlegare, men heller ikkje mykje betre enn andre som skriv bestseljande historiske romanar.

Borgarkrig og eksil

På same måte som Åndenes hus er Over havet bygd over historiske hendingar og som ein familiekrønike. Romanens startpunkt er den spanske borgarkrigen (1936–1939) som jaga titusenvis ut av landet. Hovudperson er katalanaren Victor Dalmau som kjempar på republikansk side, blir tatt til fange og sett i konsentrasjonsleir i Frankrike. Saman med om lag 2000 andre er han og den nære familien hans blant dei som i 1939 kjem med på kvoten som den kjende chilenske forfattaren og diplomaten Pablo Neruda fekk i stand for immigrasjon til Chile. Tre tiår seinare må mange av dei flykte på nytt når liknande politiske krefter som jaga dei ut av Spania, tek makta i Chile ved eit blodig statskupp.

Dei første 100 sidene som er vigde til krigen i Spania og utfarten derfrå, har eit tydeleg autentisk preg og enkelte sterke scener som sit. Likevel merkar ein alt her det som blir det største problemet under lesinga av den nesten 400 sider lange romanen: Det er så frykteleg mykje som skal forteljast, og det meste blir på overflata.

Kvart kapittel opnar med ei strofe av Neruda. Poeten døydde samstundes med militærkuppet i 1973 og vart eit viktig symbol på motstanden mot den brutale undertrykkinga. Vi møter så vidt den store poeten i romanen, men blir ikkje kjende med han. Dette gjeld diverre for dei fleste av dei mange karakterane.

Kjærleiken vinn

Opningsscena frå krigen, der legen Victor strekker handa inn i brystet på ein ung gut som ligg og døyr i borgarkrigen, og klemmer hjartet hans i gang att, gjer inntrykk. Likevel går det snart altfor raskt i svingane. Allende har det så travelt at heile delar av romanen ber preg av å vere ein einaste lang transportetappe. Lesaren lærer om (eller får repetert) den spanske borgarkrigen og militærkuppet i Chile, men får i for liten grad høve til å leve skikkeleg med i dramatikken. Her er side opp og side ned med gjenforteljing, og for få scener som lever og grip.

Berebjelken i romanen er kjærleikssoga til Victor og Roser. Roser er det evnerike hittebarnet med eit hjarte av gull som på Oskepott-vis kjem seg opp i samfunnet, mistar den ho elskar og finn ny kjærleik i Victor. Mot slutten konsentrerer Allende seg om desse to. Her har ho mykje meir nærleik til stoffet og bremsar tempoet, så ein kan føle med personane. Desse vare og vakre scenene er det som sit sterkast att etter at romanen er lesen ferdig.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast skribent for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Allende har det så travelt at heile delar av romanen ber preg av å vere ein einaste lang transportetappe.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis