Bok

Kåserande eleganse

Alejandro Zambras bagasje er ein koffert med svingbare hjul, full av bøker.

Chilenske Alejandro Zambra
Chilenske Alejandro Zambra
Publisert

Det er i år ti år sidan Pax Forlag introduserte den særmerkte chilenske forfattaren Alejandro Zambra på norsk med romanen Måter å komme hjem på. Sidan har Solum Bokvennen gripe fatt i forfattarskapen hans, og gjennom omsetjaren Øyunn Rishøi Hedemann er enda fem titlar tilgjengelege, no sist tekstsamlinga Valgfritt tema.

Eleganse

Noko av det som særpregar Zambra, er ein stilistisk eleganse bygd opp kring anekdotar, notat, digresjonar, omvegar og reine avsporingar, der han sjølv står midt i teksten som observatør og formidlar av fakta og fiksjon. Når ein journalist spør kor sjølvbiografisk han skriv, svarar han ironisk «32 prosent». Samtidig er Zambra universitetslærar i litteratur, og han har inngåande kunnskap om spesielt den spanskspråklege sida, men han kjenner også sin Kafka og sin Proust gjennom hint og sitat.

Valgfritt tema er i tre delar der den første, «Fremførte selvportretter», består av tre foredrag eller kåseri frå 2013, 2014 og 2016. Her snakkar Zambra om eigne røynsler som lesar, lærar og forfattar, og noko av det han understrekar, er at ein aldri skal keie seg verken som lesar eller forfattar. «En lærer burde aldri gi elevene bøker han forstår fullt ut», seier han også. Kjensla av noko uforklarleg er sjølve kjernen i all lesing og skriving.

Han skriv også underhaldande og innsiktsfullt om skrift og skrifta si utvikling frå handskrift, skjønnskrift og maskinskrift fram til dagens digitale skriveprogram, der alt kan redigerast og manipulerast med enkle tastetrykk. Likevel blir «tilhørighet» det grunnleggjande i litteraturen, uavhengig av alskens tekniske nyvinningar: «Det blir sagt at det bare finnes tre–fire–fem temaer i litteraturen, men muligens er det bare ett: tilhørighet.»

Om seg sjølv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement