JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kampen om naturressursar

Benedicte Bull byr ikkje berre på grundige analysar av stormaktspolitikk og samfunnsforhold i Latin-Amerika, ho byr òg på seg sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kinesiske presidenteen flankert av karibiske og latinamerikanske statsleiarar i 2014. Sidan har mange presidentar i verdsdelen kome og gått, men kinesisk kapital og industri har kome for å bli.

Foto: Sergio Moraes / Reuters / NTB

5399
20220401
5399
20220401

Sakprosa

Benedicte Bull:

Latin-Amerika i dag. Nye interesser og gamle bånd til USA, Kina, Russland, Midtøsten og Europa

Cappelen Damm

Forventingane mine var høge då eg opna Benedicte Bulls blodferske bok, Latin-Amerika i dag. Nye interesser og gamle bånd til USA, Kina, Russland, Midtøsten og Europa. Eg veit at forfattaren er kunnskapsrik, at ho har vore i Latin-Amerika fleire gonger enn ho kan telja, og at ho brenn for Latin-Amerika.

Og etter kvart som eg blar meg framover i boka, som tel knapt 200 sider, samanfatta mellom to mjuke permar der Mao og det amerikanske flagget tronar side om side på omslaget, kjenner eg at eg ikkje vert skuffa. Tvert om, her er noko for ulike lesarar: for Latin-Amerika-kjennaren, for venstreideologen og miljøforkjemparen, for den intellektuelle, for den solidariske som har vore på kaffibrigade til Honduras eller Nicaragua, for den som er interessert i stormaktspolitikk, og for den som berre har lyst til å lesa ei god bok om eit kontinent som dei veit lite om, men er nyfiken på. Som dei ville sagt i Latin-Amerika: Hay de todo.

Grundige analysar

Bull vert rekna som ein av dei fremste Latin-Amerika-ekspertane våre, og ho er eit populært intervjuobjekt for journalistar som vil ha ein kjapp analyse eller kommentar på nesten kva som helst som skjer på dette kontinentet.

Ho byr ikkje her berre på ein god og grundig analyse av latinamerikansk stormaktspolitikk og samfunnsforhold; ho byr også på seg sjølv. Pø om pø, i brotstykke her og der, får me gradvis vita meir om personen Benedicte Bull og om korleis ho vart interessert i Latin-Amerika.

Bull reiste til Costa Rica alt i 1992. Ho jobba seinare for den interamerikanske utviklingsbanken IDB, før ho starta ei lang forskarkarriere. Det er alle desse reisene og jobbinga med ei rekke ulike tema som gjev breidda og spennet i denne boka. Tonen er lett, men innsikta er djup.

I det fyrste kapittelet om Latin-Amerika som sentrum for ulike stormakters politikk og interesser gjev Bull oss eit raskt historisk overblikk utan å forenkla for mykje. Så tek ho for seg ulike stormaktsinteresser i dei neste fem kapitla, i same rekkefylgje som i boktittelen: USA, Kina, Russland, Midtausten og Europa. Kvart av desse kapitla gjev god oversikt over både økonomiske, sosiale og kulturelle band mellom det latinamerikanske kontinentet og kvar av desse stormaktene. Bull går historisk til verks, men tek analysen fram til i dag. Spekka med anekdotar sveipar ho innom økonomiske avtalar, militært nærvær, råvareeksport, handelsimport, militærkupp og presidentval. Ho gjev eit overblikk over politiske straumar og skiftande økonomiske interesser og alliansar.

Grufull konflikt

I kapittelet om USA forstår me betre korleis gjengmiljøet i Los Angeles gav opphav til blodige gjengoppgjer i El Salvador, eit av dei minste, men også mest blodige landa i Latin-Amerika. Dei som har fylt med på Netflix-serien Narcos, kan vera interesserte i Bulls analyse av den grufulle konflikten i Colombia og framveksten av narkokartell og smugling av kokain.

Bull viser vidare korleis USA, som dominerte Latin-Amerika langt inn på 1990-talet etter at diktatura fall eitt etter eitt, gradvis må gje veg for kinesiske interesser. Menneskerettar og demokrati – USAs store mantra – blir bytte ut med økonomiske interesser. Kina vert gradvis ein storinvestor, men blandar seg ikkje inn for mykje kulturelt.

Russland har alltid hatt ei ambivalent rolle i Latin-Amerika, men var i ein periode ein viktig ideologisk motpol til amerikanske interesser i regionen. Midtaustens forhold til Latin-Amerika er meir samansett. I ein interessant analyse viser Bull at det ikkje berre er tette band mellom næringslivet i dei to regionane, men at immigrantar frå Midtausten (særleg frå Libanon og Palestina) har hevda seg også i politikken, heilt opp til presidentembetet.

Spanjolane og portugisarane var fyrst ute med å ta over kontinentet og fortrenga urfolk. Men som Bull viser, er ikkje det europeiske nærværet i Latin-Amerika i dag påtrengande. Hennar analyse av Noreg er at me – kanskje ufortent – framleis har eit rykte som ein fredsnasjon og menneskerettsforkjempar, om enn med interesser i fossilindustrien i både Venezuela og Brasil.

Polarisert

Bull konkluderer med at Latin-Amerika er vorte meir fragmentert og polarisert over tid. Det er mange ulike drivkrefter som har vore med på utbyttinga av natur og folk på dette kontinentet, ikkje berre Europa og USA. Men det er også nye grupper i Latin-Amerika (urfolk, miljøforkjemparar, politiske aktivistar og intellektuelle) som gjev håp om eit meir «pluriverst» kontinent.

Eg vil kanskje ikkje kalla boka til Bull lettlesen. Ei handfull nøye utvalde bilete som illustrer både Bull i Latin-Amerika og viktige politiske personar eller hendingar, gjev liv til teksten. Men det skal noko til å dekka eit heilt kontinent beståande av ei rekke svært ulike lands historie på knappe 200 sider utan at teksten vert informasjonstett. Sjølv om Bull i forordet hevdar at redaktørane i forlaget har redda boka frå «overdriven detaljrikdom», er det meir enn nok detaljar igjen til å engasjera og fordjupa seg i. God lesing!

Elin Skaar

Elin Skaar er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg vil kanskje ikkje kalla boka til Bull lettlesen.

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis