Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kaffibordbok om vestlandsnaust

Boka om sjøhus langs kysten byd på vakre bilete av slitne båthus i godvêr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Øyrtangen ved Kvassheim ligg tre naust omgjevne av stein. Det eine er eit tradisjonelt jærnaust med vegger av rullestein.

Alle foto: Trond J. Hansen

5474
20180608
5474
20180608

Biletbok

Trond J. Hansen:

Naust. Sjøhusene langs kysten

Jæren forlag

Noreg er, som det vart klårt i 1994, eit annleisland, slik Storbritannia har vorte det no etter brexit. Men det gjer ikkje at Noreg er likt Storbritannia. Reiser vi ikring på landsbygda i Europa, både på kontinentet og i Storbritannia, vert vi slått av to store skilnader frå Noreg: Husa der er bygde av stein, medan dei i Noreg er bygde av tre. Som om vi i Noreg ikkje vil læra av eventyret om dei tre små grisane. Ikkje når det gjeld ulvefaren, men brannfaren. Dinest er husa i Europa samla i landsbyar, medan dei i Noreg for det meste er spreidde utover landskapet slik at det er minst eitt steinkast mellom dei.

Kjærleik til tre

Framleis er det trehus som dominerer også i dei norske byane, i alle høve utanfor bysentra, i dag dessutan motivert av klimautslepp og det grøne skiftet: I Brumunddal vert for tida verdas høgaste trehus bygt: Mjøstårnet, som er 80 meter høgt.

Vi har altså hatt – og vi har – ein kulturell kjærleik til tre som bygningsmaterial og identitet. Det har gjeve seg historiske utslag i storfelte og avanserte trekonstruksjonar som vikingskipa, vidareført i trebåtbyggestradisjonar heilt fram til Colin Archer. Og ikkje minst stavkyrkjene. Vi har òg tatt vare på og samla gamle lafta bondegardar inne på folkemuseum, som uttrykk for det vi sidan nasjonalromantikken har sett på som kjernen i den norske identiteten, nemleg det førestilte bondesamfunnet til Bjørnson. Alt dette har vorte dyrka som norsk elitekultur, ikkje minst i rikt illustrerte bøker.

Men strengt tatt er Noreg eit kystland, og fisket har spela og spelar ei viktigare rolle for sjølvberging og eksport enn landbruket gjer. Langs kysten har vi òg ein tradisjon for å byggja hus av tre, som altså ikkje har vorte definerte inn i den nasjonale identiteten. Der finn vi rorbuer, sjøhus, brygger og ikkje minst naust. Vi ser mange av nausta på litt avstand når vi reiser opp og ned langs kysten med hurtigruta, utan å leggja merke til dei av di dette er smålåtne trehus. Men om dei hadde vorte borte, ville vi ha merka det.

Det spesielle med dei er at dei ikkje er for folk, men for båtar. Naust kjem frå norrønt nava (skip) og sta (stå) – staden for båten. Eliten vil ofte kalla dei forfalne skur. Men no har desse skura fått si eiga bok med så mange flotte bilete, så lite tekst og så stort format at vi må få kalla henne ei kaffibordbok, slik at ho kan passa inn sjølv i møblerte heimar på Frogner.

Frå Møre til Rogaland

Fotografen og journalisten Trond J. Hansen har reist tett innpå kysten i seglbåt frå Møre og Romsdal til Rogaland, og søkt systematisk ly i dei eine fiskeværet etter det andre, der han har fotografert og tala med lokale folk. Vi byrjar i nord på Smøla og endar opp i Egersund. Kvar av stadene vert kort presenterte, ikkje minst når det gjeld historia, der det ofte vert fortalt om katastrofar: stormar, storflod og forlis, frå før vêrmeldinga på Vestlandet var komen i gang. Og ikkje minst brannar.

Først og fremst får vi flotte foto der vi kan få auge på at det kvardagslege som eit naust er, kan vera vakkert og idyllisk, sjølv om måling flassar av og nokre av plankane manglar. Men kan hende i meste laget idyllisk: I denne boka er det berre godvêr og sol. Bra for fotograferinga, men noko urealistisk langs ein kyst med alle ulukkene og alt uvêret.

Innimellom har Hansen korte generelt opplysande tekstar om naust. Stort sett er eit naust eit enkelt båthus utan golv og med dør eller opning i gavlen til ei stø – eit skråplan av steinar eller stokkar – som båten kan dragast opp og ned etter. Fleire konstruksjonsmåtar vert brukte, i nokre sjeldne tilfelle til og med stein i staden for tre, og på taket skifer, torv eller bølgjeblikk. Som oftast er naustet måla med den billigaste raude tranmålinga, men i mange tilfelle er det ikkje brukt måling, men satsa på at saltimpregnering frå sjøen skal vera godt nok. «Furet, værbitt», som det heiter i nasjonalsongen – «over vannet», for det meste.

Der det er lite plass på stranda, vert nausta sette opp ved sida av kvarandre, slik at dei dannar naustrekker. Det er desse som vi særleg legg merke til langs kysten: båtlandsbyar, til erstatning for folkelandsbyane vi ikkje har i Noreg. Med gavlane vende mot hovudgata, som er sjøen sjølv. Mindre og fattigslegare versjonar av bryggene i Bergen.

Vestlandsnaust

Om ein vurderte boka som om ho ikkje var ei kaffibordbok, kunne ein kritisera henne for å gå under falsk namn: Eigentleg burde boka ha heitt Vestlandsnaust, for Hansen har ikkje vore i Nord-Noreg eller på Sørlandet eller i Oslofjorden. Eg har likevel ein mistanke om at desse vestlandsnausta er representative for heile landet, men det veit vi altså ikkje. For dette er ikkje ei vitskapeleg bok: Kor mange naust finst det i Noreg? Hansen fortel mykje om restaurering, men kor stor restaureringsverksemda er, får vi ikkje vita. Og korleis vil det gå med dei i framtida? I dag har vi store fiskebåtar som ikkje får plass i naust. Og fritidsbåtar ligg ofte ute i gode hamner om sumaren, og under plast i hagar om vinteren.

Ein treng ikkje vera nostalgikar for å vona at nausta skal halda fram med å gje karakter til kysten vår, og at denne boka skal byggja opp under pågåande restaureringsarbeid.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast bokmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eigentleg burde boka ha heitt Vestlandsnaust.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis