Bok
Jason og det gylne skinnet
Det var ein epoke då greske litteratar og kunstnarar sågattende på den «klassiske» greske kulturen med beundring.
Argonautika er eit gresk epos frå 200-talet fvt. No er det kome ut på norsk. Utgjevinga fyller eit hol i den norske omsetjingslitteraturen, om ikkje nett eit sakn hos dagens publikum.
Eposet fortel om Jason og felagane hans som sigla frå Hellas til inst i Svartehavet for å sikra seg skinnet av ein gyllen vêr. Skuta heitte «Argo», og dei som fór, var «sjømenn på Argo», argonautar. Det er difor vi i dag talar om astro- og kosmonautar og så bortetter.
Jason skulle eigenleg mislykkast. Far hans hadde vorte fordriven frå trona av bror sin. Då Jason kom for å krevja makta, fekk han i staden den umogelege oppgåva å henta det gylne skinnet. Reisa mot aust over Egearhavet, gjennom Bosporos og langs sørkysten av Svartehavet baud på mange eventyr. Då dei omsider kom til kong Aietes i Kolkhis, var han lite lysten på å gje frå seg skinnet.
Fyrst skulle Jason setja to eldprustande oksar for plogen og pløya ein åker. Heldigvis vart kongsdottera Medeia forelska i Jason og hjelpte han med tryllemiddel. Sidan fekk dei stole skinnet og flykta på dramatisk vis. Heimvegen for argonautane gjekk på elvane Donau, Po og Rhonen, med ein avstikkar til Afrika, før Jason og Medeia gifta seg på Kerkyra (Korfu). Det heilage skinnet tente som brudeseng.
Litterær storleik
Forfattaren, Apollonios «frå Rhodos», var ein litterær føregangsmann under hellenismen (330–30 fvt.). Det var ein epoke då greske litteratar og kunstnarar såg attende på den «klassiske» greske kulturen med beundring. Trass i tilnamnet var Apollonios fødd i Alexandria, som var tidas kulturmetropol. Ei tid leidde han det namngjetne biblioteket i byen, som inneheldt heile den eldre greske bokheimen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.