Bok

Innsikt i toppskiktet

Gjennom åtte personlege og direkte historier får vi god innsikt i livet som kvinneleg næringslivstopp i eit mannsdominert miljø.

Lilla Sølhusvik er politisk journalist i NRK.
Lilla Sølhusvik er politisk journalist i NRK.Lilla Sølhusvik er politisk journalist i NRK.
Publisert

Sakprosa

Eg har med nyfikne lese boka til Lilla Sølhusvik om kjende norske kvinnelege næringslivstoppar. Boka inneheld åtte historier om kvinner som representerer ein slags dobbel minoritet i arbeidslivet; dei har ei rolle der dei er einaste kvinne blant mange menn, og dei har hatt ein karriere og nådd ein maktposisjon som svært få i samfunnet, både menn og kvinner, kan vise til. Dei åtte er Maria Moræus Hanssen, Kristin Skogen Lund, Anne Marit Panengstuen, Berit Svendsen, Hilde Tonne, Gunvor Ulstein, Birgitte Ringstad Vartdal og Margareth Øvrum.

Historiene opnar òg opp ein flik av ei verd som vi generelt ikkje veit så mykje om. Vi får eit glimt av kva som skjer i styreromma og konsernleiinga i dei store selskapa, særleg korleis prosessen med rekruttering av toppleiarar kan gå til. Vi får vite kva som har vore avgjerande for at akkurat desse kvinnene har blitt spurde, takka ja og fått jobben. Sist, men ikkje minst får vi levende forteljingar om åtte dyktige og mektige kvinner som har noko å seie og lære bort.

Boka inneheld ein del fakta om kvinnene, ei forteljing om livet og karrieren deira og nokre enkeltsitat frå intervjua forfattaren har hatt med dei. Forfattaren bidrar med eigne små refleksjonar og analysar og summerer opp læringspunkt frå intervjua til generelle råd til andre kvinner som vil opp og frem.

Som interessert lesar av stoff om kvinner, godt voksen kvinne og leiar i konsulentbransjen, med leiing og leiarutvikling som eige fagområde, finn eg boka relevant – og ganske kul. Dei personlege og direkte historiene gjev ei sjeldan innsikt i det levde livet som kvinneleg næringslivstopp og skildrar korleis dei få kvinnene som har desse posisjonane, løyser utfordringane på ein måte som dei fleste analysar og rapportar på området ikkje får fram.

Samtidig inneheld boka ein systematikk, refleksjonar og samanlikningar som individuelle portrettintervju ikkje har, og ho vågar seg på å vere ei slags sjølvhjelpsbok til kvinner med ambisjonar om å nå langt. Her er òg ein god del å hente i den generelle diskusjonen om korleis ein skal få fleire kvinner inn i topposisjonar i næringslivet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement