Bok
Innfrir ikkje heilt
Haruki Murakami går opp velkjende spor i den nye romanen sin.
Før Haruki Murakami slo gjennom som forfattar, dreiv han jazzbaren Peter Cat i Tokyo.
Foto: Marion Ettlinger
Tilhøvet mellom ein kunstnar og det skapte, og kva ein kunstnar skaper av, er noko mange har handsama i litteratur og biletkunst. Eit sterkt verk om slike tema er Bildet av Dorian Grey. Oscar Wildes roman tek opp ønsket om å vere udødeleg, om kunstens makt og om korleis han på subtilt vis er kopla til sterke krefter i menneskesinnet, krefter som ikkje berre er av det gode slaget. Dette spelar med i bakgrunnen når ein les Drapet på kommandanten.
Haruki Murakami har nådd ein sjeldan posisjon som ei litteraturens superstjerne, høgt elska av både kritikarar og lesarar verda over. Også denne gongen finst det frydefulle augeblikk i lesinga av den japanske meisteren. Ein kjenner att forfattarens særeigne klo og det fascinerande murakamiske universet, ein stad der det fortrolla og det kvardagslege går hand i hand på eit heilt spesielt og saumlaust vis. Likevel er kanskje ikkje den 18. skjønnlitterære boka til japanaren heilt på linje med «hypen» rundt han.
Holet han kraup ut av
For mange lesarar blir det heilt sikkert herleg å på nytt få trengje inn i Murakamis verd, ei verd av overgrodde bakhagar med skjulte mysterium, matlaging, musikk og kattar, heite famntak på kryss og tvers av ekteskap og faste forhold, uforklarlege forsvinningar og tilsynekomstar, gåtefulle telefonsamtaler og brev. Også hovudpersonen er ein velkjend figur: den nokså unge mannen som har mista fotfestet, og som prøver å skape både eit nytt tilvære og noko av kunstnarleg verdi.
I Drapet på kommandanten gjeld det ein ikkje heilt kunstnarleg forløyst portrettmålar som i eit slags sjølvvalt eksil kjem over eit mystisk måleri på eit loft, skapt av kunstnaren som ein gong eigde huset han leiger. Uforklarlege ting byrjar å skje, som bjølleringing i natta, oppdaginga av ei djup sjakt (også eit velkjend Murakami-motiv), ein mystisk og særs velståande mann som oppsøkjer hovudpersonen for å få portrettet sitt måla, og som spionerer på ei ung jente i eit nabohus. Innimellom lærer vi ein del om tradisjonell japansk kunst og om klassisk musikk.
Superstjerne på hell?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.