JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Innfløkt og fascinerande

Noreg har hatt eit vake blikk mot latinamerikansk litteratur. Juan Manuel Marcos har derimot gått under radaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3481
20210212
3481
20210212

Roman

Juan Manuel Marcos:

Gunters vinter

Omsett av Bente Teigen
Gundersen
Solum Bokvennen

Da Hundre års ensomhet av Gabriel García Márquez kom på norsk i 1970, opna det for den latinamerikanske boomen med hyllemeter av omsetjingar frå det spanskspråklege Amerika, somme land meir i vinden enn andre, og nokre nesten usynlege, slik Paraguay er i forhold til nabolandet Argentina. Når Juan Manuel Marcos roman Gunters vinter frå 1987 no omsider kjem på norsk, er det den andre omsette romanen frå Paraguay, og ein må tilbake til 1968 for å finne den første: Menneskesønnen av Augusto Roa Bastos.

Krav

Gunters vinter er ein roman som stiller strenge krav til lesaren, både når det gjeld den fragmentariske komposisjonen med kryssklipping av handlinga, utan overgangar, med tallause litterære og kulturelle referansar, referansar til indiansk mytologi og historiske referansar til for eksempel Chaco-krigen (1932–1935) mellom Paraguay og Bolivia og med indirekte referansar til brigadegeneral Alfredo Stroessners brutale militærdiktatur mellom 1954 og 1989. Romanfiguren Larraín, ein pervers, feit og brutal brigadegeneral, er utan tvil eit stikk til Stroessner, levert frå eksil i USA.

For å lette lesinga har omsetjaren skrive eit informativt forord pluss fem tettskrivne sider med merknader. Når alt dette er på plass, kan ein slå fast at Gunters vinter er ein fascinerande, intrikat og allegorisk tekst som ber i seg både kriminalromanen og den politiske romanen med innslag av så vel poesi som brutal realisme.

Handlinga er lagd til den argentinske byen Corrientes på grensa til Paraguay. Ekteparet Gunter og Eliza kjem frå USA for å hjelpe til i arbeidet med å få frigitt Gunters niese Soledad, som sit fengsla etter studentdemonstrasjonar mot militærdiktaturet. Ho er ei bråmoden ungjente med litterære ambisjonar, og frå fengselet smuglar ho ut brev til mora, som hentar dei blodige kleda hennar til vask. Desse breva er refererte i kursiv utover i romanen, sterke og poetiske vitnesbyrd om kampen for å overleve mishandling, valdtekter og fysisk skamfering slik ein kjenner det frå latinamerikanske diktatur på 1970- og 1980-talet.

Hemn

Både Gunter og Eliza har høge posisjonar innanfor diplomati og akademia. Slik får dei innpass hos dei verste bøllene i systemet, og når det etter kvart skjer fleire mystiske og uoppklarte drap på framståande advokatar og militære, viser det seg at dei kanskje har ein finger med i spelet.

Marcos flettar også inn ei vakker kjærleikshistorie mellom Soledad og søskenparet Veronica og Alberto, ho frå underklassen, dei frå solid overklasse. Berre Veronica overlever denne trekanten.

Heilt i margen av denne romanen finst det også ei hemnande kraft i form av ein mytologisk jaguar som skal gjenreise «landet utan vondskap», i teksten forkledd bak masker. Bak maskene anar ein både Eliza og Gunter.

Som sagt innleiingsvis, dette er ein roman som krev sin lesar. I starten var eg skeptisk før eg etter kvart såg den underliggjande strukturen, og eg endar som heftig og begeistra for ein uvanleg god roman som femner både det politiske, det poetiske og det mytologiske i møtet med ei omsynslaus overmakt utan evne til å ta vare på andre enn seg sjølv og sin eigen råskap.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg endar som heftig og
begeistra for
ein uvanleg god roman.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis