Bok
Impresjonistisk om Vinjes journalistikk
A.O. Vinjes karnevalistiske journalistikk er systemkritikk.
Jon Severud har tidlegare skrive bøker som Ubehaget i skolen (2003) og vore medforfattar i boka Markedsfundamentalismen (2017). I 2010 gjekk han med boka Ferdaminne etter A.O. Vinje opp spora etter Vinjes klassikar frå 1860. Severud har dermed vore godt skodd når han no ville kaste eit nytt blikk på Vinjes journalistikk.
Eigentleg hadde Severud tenkt å legge Vinje bak seg, skriv han i forordet, men så har minnet om Vinje pressa seg fram i lys av hendingar i dag. I seg sjølv er dette eit døme på at Vinje ikkje berre er ein viktig forfattar i norsk litteraturhistorie. Han var også ein relevant tenkar. Både Vinje-fans og nye lesarar vil finne interessante spor å tenke vidare på i dette impresjonistiske portrettet av journalisten Vinje. Sjølv har eg lært mykje. Det er også eit teikn på at arven etter Vinje må forvaltast på ein god måte. Kulturkapitalen ligg utanfor ansvarsområdet til oljefondsforvaltar Nicolai Tangen, og mange bekymrar seg for om skulen tar godt nok vare på denne delen av nasjonalformuen. Eg vil derfor gi heider til Jon Severud for at han så tydeleg viser fram kva verdiar som ligg der i kulturhistoria. Og det samstundes som han skriv om ein forfattar som understreka at opplysning og kultur ikkje ligg i gamle boksamlingar.
Impresjonistisk
Severud har teikna eit impresjonistisk portrett av journalisten Vinje. Tyngdepunkta ligg då på Vinjes tid som korrespondent for Drammens Tidende i åra 1851–1859 og på enkeltmannsføretaket Dølen i åra fram til han døydde i 1870. Vi får sjå utsnitt frå Vinjes kommentarar til skandinavismen, dei dansk-tyske konfliktane, Krimkrigen, samlinga av Italia og opptakten til samlinga av Tyskland. Severud skriv at det har vore «særs freistande» å dra linjer mellom Vinjes kommentarar på 1800-talet til brennheite spørsmål i dag. Her må det ha vore eit mål for Severud at lesaren sjølv skal sjå dei moglege parallellane, om det no gjeld folkerøystingar og brexit eller utviklinga i USA.
Vinje var ein slags framstegsoptimist på vilkår. Han kunne ha store voner til USA og den amerikanske konstitusjonen, men tok også store atterhald. «Etter hans oppfatning ville den amerikanske republikken – lik dei gamle republikkane i antikken – enda i diktatur.» Som alle kan sjå, vil det her vere «særs freistande» å trekke linjer til den folkevalde presidenten i dagens USA og hans forhold til demokratiske grunnprinsipp. Eg trur Severud gjer rett når han også her bruker impresjonistiske strok. Historia er ikkje rettlinja. Vi må lese Vinje, og så får vi tenke på dei moglege samanhengane sjølve.
«Pengemagti stig høgre og høgre, og Folkemagti siger lægre og lægre», siterer Severud etter Vinjes bok om Bretland og Britarne. Då tenker dagens lesar sitt. Men Severud siterer også frå Vinjes i beste fall tvisynte syn på rasjonaliteten i folkerøystingar. I gitte høve kan dei verke som ei pandoraeske som kan sleppe laus all verdas ulykke og vondskap. Nei, nokon naiv romantikar om rasjonaliteten i folkemeininga var Vinje ikkje. Dei dilemmaa han synte fram, om trianguleringa mellom folk, kapital og aukande forskjellar, er like uløyste som på 1800-talet. Det er dialektikk mellom folkemakt og pengemakt. Når pengemakta festar grepet, utløyser ho det verste i folkemakta. Vinje skreiv om amerikanaren og «den almektige Daleren». Når «daleren» blir allmektig, kan også demokratiet stå på spel. Dette ligg mellom linjene i denne tankevekkande boka om Vinjes journalistikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.