Bok
Imot fornufta
Clarice Lispectors tekstar dyrkar draumelogikken.
Clarice Lispector døydde i 1977.
Foto: Solum / Bokveggen
«Eg skriv for å redde livet til nokon. Sannsynlegvis mitt eige.» Den brasilianske forfattaren Clarice Lispector (1925–77) kunne verkeleg ha trong til å redde både sitt eige liv og livet til andre. Med dei jødiske foreldra rømde ho frå dei grufulle pogromane i Ukraina i 1920-åra. Ikkje lenge etter kom holocaust. Familien nådde ein relativ tryggleik i det nye heimlandet, men mor til Clarice var djupt traumatisert og døydde tidleg. Familien måtte leggje den jødiske identiteten vekk. Denne forfattaren kom frå ei randsone, ein stad så til dei grader utsett, at det ho ville uttrykkje, ikkje kunne gjerast ved å følgje tradisjonelle skrivekunstreglar. I staden skapte ho prosa som riv oss vekk frå det vande og bringar oss ut av det som sløvar oss.
Det ligg eit opptak av Lispector på nettet, eit intervju frå brasiliansk fjernsyn. Intervjuet er på nokre og tjue minutt. Forfattaren smiler ikkje éin einaste gong. Det vitnar om ei særeiga form for styrke hos ei som ikkje bryr seg om å gjere andre til lags.
Trollkvinne
I Brasil høyrer Lispector til den litterære kanonen. Ho var samtidig óg i slekt med andre store søramerikanarar, som Jorge Louis Borges og Julio Cortázar. Årsaka til at ho er langt meir ukjend her hos oss, er neppe uskjøneleg. Sjølv om eg ikkje kan seie at eg alltid forstår kva dei handlar om, er det noko i desse tekststykka som verkar i meg: Eg får lyst til å synge ut om verdas urettvise, og særleg urettvisa som går ut over kvinner.
Lispectors prosa er krevjande, med eit klårt eksperimentelt og modernistisk preg. For å trengje inn i desse mystiske tekstene må ein opne seg for ein annan logikk, den som høyrer til draumane og det umedvitne. Særleg tittelnovella i samlinga minner meg om «Lystenes hage», det store biletet av den nederlandske målaren Hierynomus Bosch: Eit mylder av skapnader av tenkjeleg og utenkjeleg slag, samansette og overskridande, i alle moglege og umoglege positurar. «Transperson» som omgrep var kanskje ukjend på Lispectors tid, men hovudpersonen – i den grad dette er eit relevant omgrep her – er just «ho/han».
Ein annan mental slektning frå målarkunsten er surrealisten Salvador Dalí. Surrealisme er kanskje det næraste ein kjem eit omgrep som kan famne dette tekstvirvaret, der det meste løyser seg opp og kan vere vanskeleg å tyde. Likevel synest alt ladd med meining, lysande som frå ei anna verd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.