JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje noko menneske er ei øy

Eigenleg er heile boka ein einaste stor klagesong, ein elegi, over jenta som døydde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thor Magnus Tangerås kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Høg­skolen Kristiania.

Foto: Tove K. Breistein

2870
20220325
2870
20220325

Dikt

Thor Magnus Tangerås:

Ø

Samlaget

Debutsamlinga til Thor Magnus Tangerås er på fleire måtar eit imponerande verk. Ho er mogen i både form og språk, og den elegiske språktonen ho er halden i, er i det store og heile overtydande gjennomført. Ø heiter rett og slett samlinga, og det er ei bok om sorg og tap, om dei ytste ting, og ikkje minst om sorgarbeidet.

For temaet er døden til Øyvor, eit barn som ikkje vart meir enn åtte år: «nynn om Ø og Øyvor/ sull om snøen som fell, ordmor/ snøen som fall over kyrkjegarden på Avaldsnes», heiter det i opningsdiktet. Her vert barnet sunge inn i dødsriket, gjennom eit vakkert og nobelt bilete som får meg til å minnast Goethes «Erlkönig».

Eigenleg er heile boka ein einaste stor klagesong, ein elegi, over jenta som døydde, og tonen er høgstemd og alvorstung, som i og for seg høver til innhaldet. Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: «vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar og til alle tider». I det følgjande diktet er førestillingar frå norrøn mytologi tydelege, sjølv om dei vert førte inn i ei moderne tid:

gravgåvene du skal få med deg i skipet ditt

ikkje spelbrikker, pilspissar, sverd eller smykke

men slimsugar, sonde og oksygenflaske attåt

hårsløyfene, kosedyra og den turkise bodyen

Men sorgtonen vert òg balansert av raseri; raseri over all uforstand dei pårørande til eit sjukt barn ofte råkar på i møtet med offentlege institusjonar. Det ligg dramatikk i kollisjonen mellom lidande foreldre og slektningar og den kalde og umenneskelege papirmølla til byråkratiet.

Boktittelen er tvitydig. «Ø» er sjølvsagt fyrste bokstaven i namnet Øyvor, men det er òg nest siste bokstaven i det norske alfabetet, og på eldre riksmål tyder det «øy».

Hjå barokkdiktaren John Donne heiter det i syttande meditasjonen, her i Åsmund Bjørnstads fine omsetjing: «Eit menneske er inga øy, sitt eige heile; kvar ein er bit av eit kontinent, del av fastlandet.» Denne utsegna kan tolkast som at ikkje noko menneske kviler i seg sjølv, men at vi er avhengige av dei andre, av medmenneska. Difor vert sorga så stor når nokon som står oss nær, går bort, ikkje minst eit barn. Tangerås har lukkast i å gjera god poesi av eiga sorg, og det er ein av grunnane til at samlinga er aktuell og viktig.

Friedrich Hölderlin sa det såleis, attgjeve av Olav H. Hauge: «Mange prøvde å syngja glade den mognaste gleda,/ her kling ho endeleg ut, gjenom tyngjande sorg.» Thor Magnus Tangerås gjer i Ø Hölderlins djupe ord til sine eigne, og ein kan berre vona at boka får mange lesarar.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tangerås lukkast i å gjera god poesi av eiga sorg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis