JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje noko land for lekfolk

Den nye boka til Cecilie Hellestveit utfordrar tenkinga til folk som syslar med den utvida Midtausten til kvardags. Men eg fryktar at den jamne lesar går seg vill i basaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Houthi-rebellar i ein gravferdsmarsj i Sana, hovudstaden i Jemen, 17. februar i år.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters / NTB

5071
20210423
5071
20210423

Sakprosa

Cecilie Hellestveit:

Ulykkelige Arabia

Spartacus

For nokre år sidan høyrde eg ei soge om nokre europeiske antropologar i Jemen. Feltarbeidet var avslutta, og dei hadde eit fly å nå. Stammen dei hadde vore hos, ville dei skulle ete lunsj før dei drog. Antropologane freista forklare at dei ikkje kom til å nå flyet, men stammeleiaren insisterte. Det vart rasla litt med våpen, og dei fekk eit tilbod dei ikkje kunne avslå. Fyrst ete, og så skulle dei få dei på flyet, garantert. Då maten var eten, sprang dei inn i ein pickup. Bilen for gjennom landskapet, og då dei nærma seg flyplassen, taksa flyet alt for take off. Men bilen køyrde rett inn på rullebanen, og bak på planet stod ein kar med ein rakettdriven granat retta mot flyet. Antropologane kom med flyet.

Som soga over syner, kan ein parafrasere verselinja til den britiske forfattaren L.P. Hartley: Jemen er eit framandt land, dei gjer ting annleis der.

Komplekst bilete

Ein raud tråd i Ulykkelige Arabia er ei nærgåande og særs detaljert skildring av tragedien i Jemen, med særleg vekt på dei siste tjue åra. Men boka er ikkje avgrensa til Jemen, ho handlar like mykje om intern maktkamp i dei arabiske kongedømma og emirata, dei ulike syna mellom dei. USAs krig mot terror i området, regionale makter som Israel, Tyrkia og Iran, og sjølvsagt det større geostrategiske biletet der Kina og Russland speler ei aukande rolle i regionen.

Og ikkje minst kvifor Jemen er geostrategisk viktig: Kysten av landet ligg langs ei av dei mest trafikkerte sjørutene i verda. 90 prosent av verdshandelen går på sjøen, og eit vedvarande utstabilt Jemen vil kunne påverke flyten av varer.

Om denne boka er mynta på allmugen, trur eg ikkje Hellestveit har lukkast. Til det er skildringane av dei ulike stammestrukturane og palassrevolusjonane altfor detaljerte. Det er ei bok det tar tid å lese, og det er fyrst i det andre kapittelet prosaen flyt godt og ein når normalt lesetempo.

Er målgruppa folk som har hatt ein fot eller stått til knes i det seige sorpet i Midtausten, lukkast ho betre. Her ligg det gode innspel til vidare diskusjonar om korleis ein skal forstå regionen og kva som er mogelege vegar framover.

Personleg har eg litt sans for at boka er utfordrande. Det er eit peik til den aukande googleekspertisen som har vakse fram i sosiale medium dei siste tiåra. Altså at ein finn svar på særs komplekse konfliktar innanfor dei ti fyrste googletreffa.

Offerlammet

Jemen har vore eit slags offeraltar for andre arabiske land heilt attende til den såkalla arabiske kalde krigen i 1950 og 60-åra. Hellestveit skriv godt om den komplekse framveksten av Al Qaida på den arabiske halvøy (AQAP) etter 11. september 2001, droneoperasjonar frå amerikanarane, og vidare fram til intervensjonen som Dei sameina arabiske emirata og Saudi-Arabia, saman med andre partnarar, gjorde i 2015.

Dynamikken mellom ulike partnarar og kvifor det gjekk skeis, kjem tydeleg fram. Samstundes ville det nok vore fruktbart å sjå på asabiyya-teorien til den gamle arabiske lærde Ibn Khaldun: Særs forenkla: Når gruppekjensla vert for svak, oppstår nye grupper som utfordrar den styrande gruppa. Ein slik presentasjon kunne gitt ei litt betre teoretisk ramme rundt forteljinga.

Godt innspel

Eg er ikkje er samd i alle analysane Hellestveit gjer i boka. At Russland måtte ha eit slags grønt lys frå saudiarane for å intervenere i Syria, trur eg undervurderer dei russiske eigeninteressene i landet. Det handla fyrst og fremst om å trygge investeringa i Assad-regimet og sikre det einaste fotfestet dei hadde i Middelhavet gjennom hamna i Tartus.

Tesen om at Russland og Iran skal ha tetta bakgarden for andre stormakter, rauk med den nye 400 milliardar dollar store avtalen mellom Kina og Iran. Og eg tykkjer det manglar litt om kvifor Iran og deira sjiamuslimske allierte har lukkast relativt godt i regionen generelt og Jemen spesielt. Det er altså mange fine opningar for debatt blant folk som syslar med området til kvardags.

I slutten kjem Hellestveit med eit slags policyforslag om at Noreg må søke saman med Russland om å mekle i konflikten. Då kan ein styrke det bilaterale forholdet til naboen i aust, samstundes som ein lener seg på den auka diplomatiske rolla som Russland speler i det utvida Midtausten om dagen. Spørsmålet er kvifor Russland eventuelt vil ha med Noreg.

For norske lesarar vil kanskje ugagnet i Jemen og landa rundt vere litt sjokkerande. Eg som har sulla rundt i regionen i nokre år, kjenner att mykje av det frå landsbyen ei lita mil unna: blodhemn, klanar, tryggleikspengar frå bøndene rundt og skyting på nyvalde ordførarar. Galskapen kan òg verte ein slags kvardag. Så lesing om Arabia med norske briller er ikkje til å tilrå. Men Hellestveit gjer sine analysar baserte på god innsikt.

Asgeir Ueland

Asgeir Ueland forfattar og historikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Personleg har eg litt sans for at boka er utfordrande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis