JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje noko glansbilde

Trass i ein litt uheldig hovudtittel, Reisa til Moskva, har Gaute Losnegård gjort eit heiderleg og leseverdig forsøk på å skrive historia om Torolv Solheim.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein vestlandsk småbonde-aristokratisk demokrat som likna litt på Hemingway.

Bilete frå boka

8283
20220211
8283
20220211

Sakprosa

Gaute Losnegård:

Reisa til Moskva. Historia om Torolv Solheim

Selja Forlag 2021

Det var på høg tid da det i haust kom ein biografi over Torolv Solheim (1907–1995), ei av dei viktigaste drivkreftene bak danninga av Sosialistisk Folkeparti i 1961. Gaute Losnegård teiknar frå starten eit fint og interessant bilde av oppveksten til Solheim i eit egalitært, opplyst og radikalt småbrukarmiljø på Radøy utanfor Bergen, som den yngste i ein søskenflokk på fem, som alle enda som akademikarar med høgare utdanning. Etter nokre år med stykkevise opphald heime og på landsgymnas, først på Voss, så under Kåre Fostervold på Sandane, drog han 24 år gammal i 1931 vidare til studiar ved universitetet i Oslo, først i sosialøkonomi, seinare i matematikk for å bli aktuar.

I mellomtida hadde statsminister Johan Ludwig Mowinckel (V) i 1928 lydd ordre frå Noregs Bank-sjef Rygg om å sørge for å få styrta Hornsruds første arbeidarpartiregjering. Faren til Torolv, bonde og lærar, var ein av mange Venstre-folk som reagerte med å gå over til Arbeidarpartiet.

I Oslo slutta den nybakte studentsonen Torolv seg ikkje til embetsmannssønene i Mot Dag, men til Noregs kommunistiske parti. Som leiande i partiets nye studentlag forsvarte han på line med Nordahl Grieg, i kampen mot ein stigande fascisme og krigsfare, Stalins utreinskingar i Moskvaprosessane.

Mangelen på vilje hos vestmaktene til å gå inn i ei kollektiv tryggleikspakt med Sovjetunionen, og deira snarare toleranse for Hitler, så lenge han ekspanderte austover, fekk han til også å forsvare både Stalins pakt med Hitler og åtaket hans på Finland som eit legitimt trekk for å skaffe Sovjet ein buffer mot eit seinare lett føreseieleg tysk åtak.

Losnegård kan her supplerast med at til forskjell frå venen Viggo Hansteen, LOs juridiske leiar, braut Solheim heller ikkje med NKP da Sovjetunionen tok det illegitime steget vidare til å opprette den ukonstitusjonelle finske Terrijokki-regjeringa leia av kommunisten Otto Kuusinen.

Feilvurdering

Det tel til fordel for boka at Losnegård altså ikke målar noko falskt glansbilde av den biograferte, heller ikkje når han følger opp med å få fram at Solheim også delte den naive trua NKP-leiinga i Oslo i første omgang hadde på at det under den nazi-tyske okkupasjonen frå april 1940 var mogleg å oppretthalde eit sjølvstendig norsk styre basert på ein arbeidar–bonde-allianse.

Samtidig får han med at Solheim sjølv etter krigen karakteriserte dette som ei feilvurdering det ikkje fanst forsvar for. Og sjølvsagt handlar ei stor del av boka om det aktive motstandsarbeidet Solheim sommaren 1941 tok opp i heimtraktene på strilelandet resten av krigen, heile tida med Gestapo i hælane og dels i strid med Peder Furubotn og hans leiing av den kommunistiske motstandskampen.

Det er likevel i den delen av boka som handlar om krigstida, at Losnegård kan kritiserast for einsidig å sjå bort frå, eller helst kanskje ikkje kjenne til, at Solheim og partifellane hans i den første okkupasjonstida slett ikkje var aleine om å innta ei uhaldbar haldning til både den tyske okkupasjonsmakta og landets lovlege regjering, men snarare blei overgått av dei langt mektigare, seinare leiarane i Heimefrontleiinga i Oslo med høgsterettsjustitiarius Paal Berg i spissen.

Han kjenner openbert heller ikkje til den godt kjeldedekte nyanseringa historikaren Terje Halvorsen har gjort av tilhøvet mellom NKP og Komintern under Stalin-Hitler-pakta i boka Mellom Moskva og Berlin (Oslo 1996). Han må også arresterast for å komme med ei opplysning som saknar grunnlag, om at regjeringa i London tok til orde for at det parlamentariske grunnlaget, Stortinget av 1936, ikkje skulle samankallast når landet igjen blei fritt. Så langt klarte aldri Trygve Lie og heimefrontleiinga i Oslo, med deira antiparlamentariske planar for etterkrigstida, å presse Nygaardsvold.

Vegen vidare

I det vidare fortel Losnegård interessant om Solheims løpebane etter krigen, frå han i 1945 gikk over til Arbeidarpartiet og først blei sekretær i Stortingets finanskomité, før han braut av for å arbeide i Fiskarlaget med særleg å fremje samvirket, og i 1949 førebels enda som direktør i lagets nye storstilte samvirkeprosjekt, eit båtverft i Stongfjorden. I 1952 var han til stades på ein økonomisk verdskonferanse i Moskva, og etterpå blei han oppsagd og verftet nedlagt.

Nedlegginga skjedde neppe for å få kasta Solheim som direktør, men var snarare, som Losnegård interessant nok får fram, eit siste utslag av den manglande viljen i det statlege byråkratiet til å støtte eit slikt rasjonelt kooperativt føretak på kostnad av private småbedrifter i eit land som frå og med mottakinga av Marshallhjelpa i 1948 var på aukande fart bort frå planøkonomi og tilbake til den kapitalistiske verdsordninga.

Losnegård seier det ikkje, men resultatet var i praksis sju–åtte års yrkesforbod for Solheim, som saman med kona, overrettssakførar Rønnaug Eliassen og dottera Jorun, flytta til Risør, der dei levde av Eliassens sakføring og småjobbar for Torolv som forretningsførar.

Det personlege tidsskriftet Fossegrimen, som Solheim starta i 1954, gav neppe store tilskotet, men vann fleire og fleire lesarar og skulle samle eit svært så sterkt koppel av ulike skribentar, ikkje minst da det seinare, frå 1962 til 1964, gikk over til å kalle seg Veien Frem etter Nordahl Griegs tidsskrift i 1930-åra.

Nytt parti

Men i 1959 fekk Solheim endeleg fast stilling igjen, som lærar ved realskulen i Brevik, dit familien flytta. Derfrå tok han nå, i beste kompaniskap med den like så engasjerte, men ikkje så offentleg synlege kona, Rønnaug, initiativ til det som blei SF, og bygde opp partiet i Telemark.

Trass i at han her først og fremst satsa på og vann bygdetilslutning, oppnådde han også sterke valresultat i dei tungindustrielle sentera i fylket, i Porsgrunn-Skien, på Notodden og Rjukan. Berre mangelen på tilleggsmandat i valordninga hindra at han blei valt til Stortinget i 1965.

Losnegård har sjølvsagt også med at Solheim i 1969, etter oppgjeret med dei ungdommelege ungsosialistane som kalla seg marxist-leninistar, trådde til i eit år som leiar i eit skadeskote SF. Etter dette trekte han seg meir og meir ut av det direkte politiske livet, for i staden – i ei rekke bøker, dels med samlingar av tidlegare artiklar i Fossegrimen og Veien Frem, dels med nye ting – å stå fram som ein av dei fremste og mest velskrivande essayistar her i landet, i ein periode også som spaltist i Dag og Tid. Og han har med seg den «kolonien» av ulike kjenningar som Torolv og Rønnaug etter kvart fekk etablert rundt den vakre eigedomen sin, Ekra ved Nordfjorden i Søndeled, som i 1962 blei slått saman med, og på alle kantar omkransar den vesle avkroken av ein by, Risør.

Demokraten

Til slutt vil underskrivne bokmeldar tillate seg å etterlyse eit blikk hos Losnegård for at under overflata av den unge marxisten og kommunisten, og seinare samvirkesosialisten Torolv Solheim, låg det heile tida det som kan kallast ein vestlandsk småbonde-aristokratisk demokrat. Etter krigen knytte demokraten Solheim seg klarare og klarare til den høgresosialdemokratiske fløya som braut ut av Arbeidarpartiet i protest mot underordninga under Moskva i 1921, og som kom ut av krigen som ei slags venstrefløy i forsvar for småstatane og deira suverene rett og sjølvstende overfor stormaktene, mot Nato- og seinare EEC-medlemskap.

Aristokraten Solheim viste seg ikkje minst i kolsviartrua han hadde på at det som måtte til for å utrette noko i politikken, var å klare å samle nokre ganske få individ, ti var nok, som var einige, sterke og usjølviske nok til å kunne arbeide effektivt i fellesskap for ei felles sak.

Egoisme og sjølvsentring var for Torolv det fremste hinderet for å få dette til. På ettermiddagane heldt han jamleg andakt for yngre tilhøyrarar ved å lese høgt frå Driftekaren av den store yndlingsforfattaren sin, Hans E. Kinck, om at «vestens luft er pestbefengt – av selvet».

Harald Berntsen

Harald Berntsen er historikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han stod fram som ein av dei fremste og mest velskrivande essayistane her i landet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis