Bok
Ikkje heilt til forventningane
Teaterforskarane Anne og Petra Helgesen, mor og dotter, har gjennom år sett søkelys på kva dei yngste har fått sjå av teater.
Frå generalprøva på Reisen til julestjernen, som Nationaltheateret sette opp i 1947.
Foto: NTB
Denne forskinga bar først frukt i form av nokre fine bokutgåver av norske barnestykke. Verdifullt var det til dømes her å få ei bok på Reisen til julestjernen i den opphavlege skodespelforma, eit av dei mest spelte stykka i norsk dramatikk. Dette stykket har òg fått ei nøkkelstilling i bokverket dei no har lansert, om barnedramatikk gjennom heile norsk teaterhistorie.
Når vi 150 år attende i tid får vite at Julestuen av Holberg og Den adelsgale borger av Molière vart spela som barneframsyningar, ser vi òg at det tok tid før teateret fekk eit skjerpa blikk for den gode barnekomedien. I 1905, med tyske Gabrielle Reuters Den lille uskikkelige prinsessen på Nationaltheatret, vart det spesifikke barneskodespelet introdusert for alvor i norsk teater .
Bergh og Ring
Dei første norske barnedramatikarane forfattarane nemner, er Frederikke Bergh og Barbra Ring. Bergh fekk oppført to barnestykke i Nationaltheatrets første tiår. Barbra Ring, ein meir profilert forfattar, kom med den første barnekomedien sin i 1910, Kongens hjerte, eit stykke som gav inspirasjon nett til sjølvaste Reisen til julestjernen (urpremiere i 1924).
Bokverket går så stegvis mot vår eiga tid, med sideblikk til korleis samfunnsutviklinga speglar seg i det som blir vist for born. Nasjonalkulturen sit fast i det meste av barnedramatikken lenge. Titlar som Peik og stortrollet, Veslefrikk med fela og Kari Trestakk syner at Asbjørnsen og Moe har svevd høgt over vatna. Den norske eventyrformelen heldt openbert skansen heilt til Egners Kardemomme by og Hakkebakkeskogen inntok arenaen med meir eksotiske drag. I mellomkrigstida er det Helen Stibolts Kong Baldvines armring som har fått mest spalteplass, både av di det faktisk er eit historisk skodespel, og av di det har – og må ha hatt – ei rasepolitisk slagside.
Elles blir det ikkje ofra mykje merksemd på barnestykka mellom Sverre Brandts Julestjernen frå 20-åra og Egner-stykka frå 50-åra. Titlar blir nemnde, men bortsett frå Thoralf Kloumans spesielle Drømmen til Radioland får vi lite av nære skildringar. Vi skulle gjerne vite meir. Oversette døme her kunne vere Sigrid Undsets dramatisering av Østenfor sol og vestenfor måne, som Det Nye Teater / Oslo Nye Teater spelte både i 1929 og i 1957, Per Kvists barnestykke Tyrihans og Hans og Grete med meir. Forfattarane klarer ikkje heilt å leve opp til undertittelen «Norsk barnedramatikks historie» når dei legg så eliminerande vekt på Nationaltheatret og skodespelet Reisen til julestjernen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.