Bok
Ikkje ein sporv til jorda
Laura Djupvik held seg i det nære.
Laura Djupvik søkjer seg mot dei store temaa i eit menneskeliv, skriv Hilde Vesaas.
Foto: Rolf M. Aagaard
Før eller sidan kjem vi alle dit at ein av våre næraste glid vekk for oss, brått eller gradvis, inn i eit veglaust land av sjukdom og død. Om vi får vere til stades ved denne siste reisa, vekkjer det minne, tankar om kva som har vore og kva som kunne ha vore, små eller større oppgjer og moglege opprør.
Djupviks personar er ikkje dei som gjer store fakter. Hjartet er ingen logrande hund er på alle måtar ein smålåten og forsiktig roman, Djupviks tredje for vaksne. Boka er på 170 luftige sider, men søkjer å spenne opp ein boge inn mot dei store, klassiske temaa i eit menneskeliv.
Gud og einsemd
Kvinna som fortel historia, får vi ikkje vite namnet på, heller ikkje kor gamal ho er. Av ymse omstende kan ein gjette at ho er ein stad i trettiåra. Ho strevar med å finne eit feste, er plaga av einsemd og meiningsløyse og har ein uavklart relasjon til ein mann. Mor hennar har ein sjukdom som heller ikkje blir nemnd med namn, men det må vere noko slikt som MS eller ALS, ein brutal tilstand med progressive og brå fall i funksjonsevna. No er ho blitt verre, og hovudpersonen tar turen frå storbyen der ho bur og arbeider, heim til foreldra som bur på ein liten stad ved ein fjord. Turen heim og dagane då ho er i lag med dei tilårskomne og til dels sterkt svekte foreldra, vekkjer mange kjensler og mange minne. Historia er ikkje kronologisk framstilt, men det er ikkje vanskeleg å få tak på dei ulike tidsplana.
Over denne heimen ligg religionen både som ein tung skugge og ei vernande hand. Vi får tilbakeblikk til barndom og særleg til ei ungdomstid med litt famlande og retningslause opprør. Det lett pietistiske og strenge var nokså trykkande for den unge jenta som ville ut på livet saman med andre ungdomar. Men dette er slett ikkje ei sjablongaktig eller dømmande utlegging om kor fælt det er å vakse opp i ein strengt kristeleg heim. Tvert imot har her vore både humor og varme mellom barn og foreldre, men også denne einsemda som har sete seg fast og gjer hovudpersonen stum og sår i det vaksne livet.
Å haste forbi døden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.