JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje berre «fjeldaber»

Den danske bog om Norge vil gje danskar eit nyansert syn på Noreg, om enn på noko overflatisk og anekdotisk vis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5590
20210625
5590
20210625

Sakprosa

Kristoffer Flakstad:

Den danske bog om Norge

Gads Forlag

Små land, som nettopp på grunn av manglande storleik ofte vert oversette ute i den store verda, er gjerne meir enn vanleg opptekne av kva andre måtte meina om dei. Og vi kjem vel ikkje frå at dette gjeld Noreg. Ingen får seia noko positivt om Noreg ute i den store verda utan at det vert registrert og gjeve att i norske medium. Fremst av desse storhendingane var i si tid Roosevelts tale «Look to Norway», sjølv om det eigentleg var kronprinsessa han likte å sjå på. Og i nyaste tid har vi sett korleis kulturministeren har vore over seg over at Tom Cruise har sagt mykje fint om landet vårt, rett nok inspirert av nokre millionar frå den same kulturministeren.

No har det kome ei dansk bok som «ser på Noreg», så då er det vel Dag og Tids og mi plikt å kontrollera om ho seier noko fint om Noreg. Sjølv om det er mindre gildt at boka kjem frå eit anna lite land. Vi likar best amerikansk skryt. Dessutan er det eit ope spørsmål om forfattaren av denne boka, som er nordisk filolog og journalist, er ekte utlending.

Anekdotisk

Jau, han er fødd og oppvaksen i Danmark, men har lange norske røter, både til Bergen og til Stavanger, ja, så mykje at han er norsk statsborgar. Og namnet, Flakstad, er henta frå ei øy i Lofoten. Dessutan har han den tvilsame likskapen med Tom Cruise at han har fått pengestønad frå Noreg til å skriva boka, ja, frå sjølvaste Kong Olavs fond.

Ikkje minst må vi som lesarar ha klart føre oss at boka ikkje er meint for nordmenn, men for danskar, slik at når vi les ho, er det for å kontrollera om han gjev sine landsmenn og -kvinner dei rette fordomane om Noreg. Bakgrunnen, ifølgje Flakstad, er at inntil nylig har danskane berre vore interesserte i Noreg som eit land med den naturen Danmark ikkje har: fjell med alpinbakkar, fjordar med fossar og skogar med meir eller mindre ville dyr. Kultur, derimot? Nei, vi er «fjeldaber». Ikkje kan vi spela fotball eller badminton heller.

Difor vil Flakstad gjera det grundig ved å ta føre seg heile den norske historia frå Harald Hårfagre og fram til i dag, om enn i anekdotisk og litt journalistisk overflatisk form. Og naturleg nok med vekt på der dansk og norsk historie heng saman. Noko som særleg gjeld den såkalla 400-årsnatta. Han kjem seg fort fram til Kristian Kvart og hans reise i Nord-Noreg, med tilhøyrande fremjing av hekseforfølgingar i Vardø. Og til gruvene på Røros for å skaffa kopar til taka i København. Sjølvsagt får vi eit kapittel om dansknorskingane Tordenskjold og Holberg, og så om hendingane som førte til at Ibsens Terje Vigen mislukkast i å reisa til Danmark etter korn. Men som førte til oppvakning frå 400-årsnatta, på Eidsvoll, og den seinare, for danskar, merkelege 17. mai-feiringa.

Frå 1800-talet konsentrerer Flakstad seg om dei to viktigaste kulturbyane for Noreg: Bergen med slike kunstnarar som I.C. Dahl, Grieg og Bull, men mest om Noregs kulturhovudstad, som han har heilt rett i var København og ikkje Stockholm. Særleg for norske forfattarar, som stort sett skreiv på dansk og kjende seg heime der, ikkje minst ho som vart heilt dansk, Amalie Skram.

Så har han sjølvsagt eit kapittel om unionsoppløysinga, der vi får høyra om ein dansk prins som vert norsk konge. Likeins legg han vekt på Nansens rolle, med dansk-norsk familiebakgrunn gjennom Wedel Jarlsberg-slekta. Men her er det vel den einaste tydelege feilen eg finn i boka, når han fortel om «Fram»-ferda at Nansen og Johansen, som nyleg vart skildra i ein roman av dansken Rifbjerg, skulle ha lagt ut «på en farefuld og højdramatisk reise til Sibiren». Dei drog i motsett retning.

Åtvaring

Etter dette vert det ikkje sagt så mykje om tida fram til siste verdskrigen, bortsett frå om den dansk-norske Aksel Sandmose. Og når det gjeld sjølve krigen, får vi vita at ein dansk skodespelar spelar hovudrolla i filmen Kongens nei, og at danskane sende mathjelp til Noreg, men at Finnmark brann i 45.

Når det gjeld tida etter krigen, må eg vel seia at boka vert i overkant overflatisk hoppande mellom døgnflugeliknande hendingar og fenomen. Jau, danskane får høyra om den norske olja, og den engledyrkande prinsessa, men er det så viktig at dei får eit kapittel om at Star Wars vart filma på Finse? Eller at dei får vita om ein del lite nobelprisvinnande norske forfattarar, og dinest om norske popmusikarar med ulik grad av verdsheidring. Spesielt pinleg er det at Flakstad fortel om Pizza Grandiosa og taco. Det kunne han ha spart oss for. Sjølv om han gjer det litt godt med å promovera norsk klippfisk.

Sjølvsagt er det bra at Flakstad gjev ein god gjennomgang av 22. juli-katastrofen. Og dinest peikar på ulikskapane mellom storting og folketing og dansk og norsk politikk, til dømes at vi har eit kristeleg folkeparti. Og at han åtvarar gjestande danskar om at det i Noreg finst fyllikar og satanistar og black metal. Danskar er utvilsamt mindre ekstreme. Men at alt dette vert retta opp takk vera ein norsk TV-serie, Skam, som han bruker eit eige kapittel på, er vel å bomma på proporsjonar?

Spørsmålet til slutt er om danskar har bruk for denne boka? Vi nordmenn vil uansett helst at amerikanarar skal skriva bøker om oss. Og danske turistar i Noreg kan vel ha like stort utbytte av ei Lonely Planet-bok om oss?

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når det gjeld tida etter krigen, må eg vel seia at boka vert i overkant overflatisk hoppande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis