I himmelen og på jorda
Julia Martincic skriv originale tekstar frå uvanlege perspektiv.
Julia Martincic er utdanna journalist og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. No debuterer ho med ei novellesamling.
Foto: Tiden Norsk Forlag
Noveller
Julia Martincic:
Hjertet er en alien
Tiden Norsk Forlag
Musikkgruppa deLillos syng om at hjernen er åleine, ein song som alltid får meg til å sjå for meg ein einsleg overlevande på ein aude planet. Noko av den same kjensla har eg stundom under lesinga av novellesamlinga Hjertet er en alien av debutanten Julia Martincic, men ikkje heile tida.
Perspektivet er ofte uvanleg i denne samlinga, der tekstane er ulike på eitt plan, men i slekt med kvarandre på andre måtar. Setting, ståstad og miljø er sjeldan frå ein kvardag denne lesaren kjenner seg att i, men relasjonane mellom personane er likevel plausible, når ein tek vekk dei avvikande føresetnadane.
Kulturelle fenomen
I den første teksten forstår lesaren at eg-personen er ein robot. Han ser ut som eit menneske og gjer små og store oppgåver i ein privat heim, der det bur ei lita jente som er den som knyter seg nærast til roboten. Det finaste med teksten er at roboten stiller seg spørsmål ved opplevingane sine, han er ein framand i seg sjølv, eller reaksjonane hans er slikt han ikkje har språk til å laga logiske omgrep om. Hjå han er hjartet verkeleg ein alien. Denne novella er aktuell i våre dagar, og Martincic held seg i det heile ofte til slike tema, stoder eller kulturelle fenomen som høyrer samtida til, anten slikt som ligg føre, eller som science fiction av mildt dystopisk karakter.
I teksten «Lillanatt» til slutt i samlinga har folk, vonleg lenge etter vår tid, truleg hamna på Mars, der dei lever heller kummerleg som rotfruktknaskande kuppelbuarar. Teksten har sin eigenart, men nokre småting minner meg om filmen The Martian, der rollefiguren til Matt Damon vert etterlaten på Mars. Han overlever ved å dyrke poteter, og han gjer det eg sjølv alltid har gjort i mine femti år som potetdyrkar: Han helsar på plantane når dei først kjem til syne.
Framand planet
Noko liknande finst i denne novella, og eg tykkjer det er strålande av Martincic når ein versjon av ein slik detalj dukkar opp, om det no er inspirert av filmen, eller noko ho sjølv har dikta. For det er eit godt og vakent medvit i desse tekstane, anten personane held til i himmelen eller på jorda. Med himmelen meiner eg då verdsrommet, og ikkje ein metafysisk dimensjon, for her er også, i ein annan tekst, folk som ser ut til å vera på ei reise mot ein framand planet.
Men i den teksten, der hovudpersonen heiter Otto og er svært oppteken av at namnet hans er eit palindrom, når han nyleg har vakna opp etter ein skade, er det ikkje den uvanlege ferda som er hovudsaka, men heller relasjonane mellom dei reisande, og ikkje minst at Otto truleg har misforstått posisjonen sin. Forvirringa, som lesaren berre forstår indirekte, er som klåre tankar for Otto, og forfattaren let seg ikkje freiste til å komma med bastante oppklaringar. Dessutan minner Otto meg om ein Otto eg kjenner, så du skal radt sjå det er namnet som har skada han mest.
Språket i boka er variert, tilpassa den einskilde novella. Til dømes er det ungdommelege språket med uuthaldelege anglisismar tatt på kornet i ei forteljing der folk møtest i virtuelle rom, med omgrep og nyord som får lesaren til å lengta etter ein renessanse for spanskrøyret. Men forfattaren fortener derimot ros for å ha skrive ei bok som rett nok er ujamn, men ofte forfriskande, med til dels gode personteikningar og truverdige miljø og relasjonar sjølv i det mest framande.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB