Bok

I fikserbadet

Patrick Modiano hentar ei jødisk jente fram frå gløymsla.

Publisert

Mellom 1979 og 1988 gav Cappelen ut tre korte romanar av franskmannen Patrick Modiano (f. 1945). Så blei det stille fram til 2014, da desse tre romanane kom i nytt opplag: Ungdomstid, Søndager i august og Gater i mørke. I 2015 kom ein fjerde Modiano-roman på norsk: Så du ikke går deg bort.

Den nyvekte interessa for Modiano botnar neppe i kommersiell interesse, men i det faktumet at han fekk Nobelprisen i 2014. No er den femte av romanane hans ute i Tom Lotheringtons omsetjing, Dora Bruder frå 1997.

Dei som søker fart og spenning, action og effektar, har ingenting å hente hos Modiano. Han skriv heile vegen som ei motvekt til dette og søker bakover i sitt eige liv i refleksjonar over alt som er borte og forsvinn i skuggar og kompakt mørke, men likevel finst glimtvis som minne under tjukke lag av gløymsle. Å framkalle sitt eige liv og si eiga tid i ein slags tverrsum av erkjenning er det litterære prosjektet han løftar fram i bok etter bok gjennom eit 30-tals bøker.

Andre verdskrigen

Den andre verdskrigen og Paris under okkupasjonen er ofte eit omdreiingspunkt hos Modiano. I Dora Bruder er det heilt sentralt i rekonstruksjonen av livet til ei 15-årig jødisk jente og familien hennar fram til dei blir myrda i Auschwitz i 1942. Modiano har sjølv jødisk bakgrunn, og faren kom seg ved eit tilfelle unna massearrestasjonane den dagen Dora Bruder blei tatt og internert.

Det som vekker Modianos interesse, er ein avisnotis frå 31. desember 1941: «Vi etterlyser den 15 år gamle Dora Bruder (…). Alle henvendelser til herr og fru Bruder, 41 Boulevard Ornano, Paris.» I dette strøket har Modiano sjølv vakse opp, han har streifa rundt i dei same gatene som Dora utan kunnskap om eller kjennskap til lagnaden ho møtte som fransk statsborgar med foreldre frå Austerrike og Ungarn. Det er dette mørkret han går inn i over ei seksårig gransking av politirapportar, biletarkiv, skoleprotokollar, adresselister og fødselsregister for å finne ut kven ho eigentleg var, kvifor faren aldri skreiv henne inn i jøderegisteret, kvifor ho fleire gonger rømte frå den katolske internatskolen ho gjekk på, kva som dreiv henne frå skanse til skanse fram til den endelege deportasjonen saman med tusenvis av andre franske jødar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement