Ein parallell røyndom
Ei framand verd kan av og til kjennast uhyggeleg nær.
Stig Beite Løken bur i Stavanger og debuterte med ei novellesamling i 2012.
Foto: Anita Hamremoen / Cappellen Damm
Roman
Stig Beite Løken:
Det finnes ingen andre verdener
Cappelen Damm
Stig Beite Løkens førre roman, Drømmelinsene, gjekk mykje føre seg i DreamVerse, ei draumeverd ein kunne leve i virtuelt om ein budde i Stavanger på 2040-talet, eller kor som helst i verda, altså i ei nær framtid.
I årets roman, Det finnes ingen andre verdener, er vi tilbake i det same universet. No følger vi Mathilde, som er i ferd med å døy av lungekreft, og som legg ut på ei siste virtuell reise for å finne igjen barna sine for å ta farvel.
Merkbart merkeleg
På reisa har ho selskap av ein snakkande hund som ho har kidnappa frå draumen til ein annan, ein kunstig intelligensriddar som har rømt frå sin eigen draum, og som har visse likskapar med don Quijote, og ein elg som berre er eit skjelett.
Dette høyrest kanskje merkeleg ut, og det er det. Men etter at ein har tatt seg gjennom dei første par sidene, der ein må lese fleire gongar at eit tog går under vatn, før ein forstår, og godtar, at toget går under vatn, er denne verda like lett å følge som vår verkelege. Ein må berre inn i henne.
Og etter som ein kjem lenger inn i denne verda, skjønar ein at ho ikkje er så ulik vår eiga. Ein kan døy her òg, og mens ein ventar på å døy, kan ein både leite etter viktige folk fordi det er noko ein skulle sagt, og ein kan prøve å stase seg opp for ikkje å sjå så gammal ut (reboote seg sjølv, noko som i vår verd ville bli kalla botox): «Det var uvant a° forholde seg til mennesker som ikke var vakre.» Ein blir omgitt av reklame alle vegar, og dygdene og lastene hos andre menneske er like dygdige og lastelege her som elles.
Også i dette universet har alt ein ende. Eller har det det? Om det ikkje har det, er det ikkje sikkert det er til det beste. Kan eg få døy, please? Ein kan òg i dette draumescenarioet gjenskape vener og partnarar som er avlidne; det er jo ein vakker tanke. Men vil vi eigentleg gjenopplive dei, kunstig, eller vil vi minnast dei? Forsone oss med at dei er borte?
Skurret i verda
Stig Beite Løken har vore i sitt rikhaldige språkreiskapsskjul og henta verkty til å skape ein røyndom som er parallell med vår eigen, og som liknar, og han liknar fordi all alternativ røyndom som er menneskeskapt, uansett vil ha i seg menneska sin måte å gjere ting på.
Behov og lengslar trenger seg gjennom all pop-up-reklame. Det er som om romanen – som både er satirisk og eksistensielt alvorleg, som er moderne science fiction og eit mellomaldersk stasjonsdrama der Mathilde går frå draumeversjon til draumeversjon gjennom tablå – seier at kan ein skape seg andre røyndomar, kan ein også skape seg.
Når den nylanserte 3.0-versjonen av DreamVerse ikkje er heilt på stell og skapar forstyrringar i overføringa, noko som kan resultere i alt frå skurr i samtalar til folk og dyr på avvegar, blir satiren total, idet vi ler av ei absurd verd – som likevel er identisk med vår eiga. Når all teknologi vi i dagens samfunn er vande med å stole på, knirkar, ja, då blir det skurr, og alle gjeremåla våre bryt saman, det er ikkje science fiction.
I tillegg er ramma rundt forteljinga storpolitiske scenario som makttilhøvet mellom USA og Kina, propaganda frå alle kantar, og nokre interessentar ønsker til og med å lage underhaldning av enkeltskjebnar. Har du sett på maken? Ja.
Stig Beite Løken vel sjeldan minste motstands veg i dei litterære arbeida sine, heller ikkje her. Takk for det. Det krev sin universomsetjar å lese dei to siste romanane hans, men gjer ein det, kan ein fort kjenne seg motivert til å plassere seg i eit her og no. I denne verda.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Stig Beite Løken vel sjeldan minste motstands veg i dei litterære arbeida sine.
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.