I dødens venterom
Hos Lars Saabye Christensen blir også døden ei uforretta sak.
Lars Saabye Christensen debuterte i 1976 og har fått fleire litterære prisar for forfattarskapen.
Foto: Annika Byrde / NTB
Roman
Lars Saabye
Christensen:
Herr Knapps uforrettede saker
Flamme Forlag
Herr Knapp i Lars Saabye Christensens ferske roman er ingen helt og heller ingen antihelt. Han er berre ein einsam gammal mann som ser døden i kvitauget og ventar på å tre inn i det store mørket. Men før det kjem dit, er det eitt og anna han vil ordne opp i, såkalla «uforrettede saker», og det er denne drivkrafta som held han i gang midt under ein pandemi og eit nedstengt samfunn der munnbind og avstand er alfa og omega.
Gjennom 24 korte kapittel og gjennom ein «vi»-forteljar som held diskré avstand, blir lesaren kjend med Herr Knapp og det trøysteslause livet han lever. Herr Knapp bur i niande etasje i ei bustadblokk i Oslo. Heile blokka er prega av tidas tann, slik også Herr Knapp er det, og når Herr Knapp har urinlekkasje, er det også lekkasjar i blokka, og desse lekkasjane blir uforretta saker han må prøve å ordne opp i.
«Lars Saabye Christensen skriv berre gode bøker.»
Dødsnærvær
Han vil også levere tilbake ein mobiltelefon som høyrer arbeidsgjevaren til, og sjølv om han finn tilbake til adressa, er huset og firmaet borte, og når han oppsøker grava til foreldra, er gravstaden sletta. Samtidig samlar han på dødsannonsar frå Aftenposten, og dødens nærvær går gjennom heile teksten, ja, så nær at han finn sin eigen dødsannonse: «Manfred Knapp (1939–2020) døde uventet i dag.»
Han lever i ei tid han ikkje heilt forstår, og han opplever at faren ringjer til fasttelefonen som er kopla ut. Alt flyt saman for han, og han slit med å skilje draum og røyndom. Herr Knapp er langt inne i demensen, men han opptrer samtidig verdig og med lakonisk ro og tenkjer: «Livet er den tiden det tar å dø.» Hos urologen spør han seg sjølv: «Var det ikke bedre å la naturen holde på med sitt? Burde han ikke heller gitt døden arbeidsro?»
Glimt i auget
No høyrest dette trist og trasig ut, men det er det på ingen måte. Lars Saabye Christensen skriv med glimt i auget, og han strør om seg med kvardagsfilosofiske betraktningar og pussige og overraskande refleksjonar kring den samtida vi lever i, og særleg får pandemien og nedstenginga av samfunnet sine syrlege kommentarar, like eins utviklinga av byrommet i hovudstaden: «Det produseres ingenting i byen lenger. (…) Derfor ligner byen mer og mer på en fornøyelsespark, et gudsforlatt og kunstig habitat, hvor vi utelukkende slår i hjel tid med penger.»
Det minner meg ikkje så reint lite om Håkon Bleken, den velformulerte, gamle mannen på Byåsen som i mange år var ei kritisk røyst mot byutviklinga i Trondheim. Men først og fremst er nok Herr Knapp ein litterær slektning av Thomas F i Kjell Askildsens Thomas F’s siste nedtegnelser til allmenheten frå 1983.
Lars Saabye Christensen skriv berre gode bøker. Han har ein arbeidsdisiplin og ein arbeidskapasitet som imponerer, og bibliografien med stort og smått omfattar 77 titlar. Han er ein av dei viktigaste forfattarane i sin generasjon, og han er heidra og hylla med ei rad prisar og utmerkingar, der Nordisk råds litteraturpris (2002), to Brageprisar (2001 og 2015), Kommandør av St. Olavs Orden (2006) og Anders Jahres kulturpris (2019) heng svært høgt.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.