Bok
Hytta og verda
Kristian Hæggernes har laga eit nært og fint portrett av ein gløgg og kjenslevar gut.
Kristian S. Hæggernes skriv innanfor mange sjangrar.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Eit kriterium for eit godt liv er om ein har noko fint å sjå fram til. For ti år gamle Daniel i den nye romanen til Kristian S. Hæggernes er det turane ut til morfaren si hytte som representerer den største gleda, og særleg er det slik då romanen tek til, for endeleg er det sommarferie, og han kjem seg vekk frå skulen og dei sosiale prøvingane sameksistensen med andre har å by på. Dette vert ikkje sagt med reine ord, men går fram av tankane hans. For sjølv om Daniel i det meste er ein vanleg gut, er han nok eit par hakk gløggare og meir kjenslevar enn dei fleste.
Med på reisa er mor og far, systera Mathilde, onkel Ivar og tante Marie og dei to døtrene deira, Siri og Helene. Daniel er yngst, og han er merksam på det fenomenet. Han reknar med at kusinene og systera ser på han som barnsleg og teit, men det gjer han ikkje noko, han ser mest fram til å vera i lag med morfaren, som kjem med gode svar på like gode spørsmål. Ein merkar seg under lesinga at det berre er morfaren Daniel rådfører seg med.
Varsamt
Daniel har med seg ein del legofigurar. Dei høyrer til i eit samfunn Daniel har dikta opp. Alle har namn han har funne på, og dei har ein viktig plass i livet hans. Men han veit at tida for den slags leik snart er omme, noko han ser på med vemod. Han er med andre ord ein tenksam gut, som forfattaren tek på det største alvor.
Hæggernes syner oss også litt av livet til dei vaksne, slik Daniel kan observera det, men ikkje alltid forstå det på same vis som lesaren. Til dømes har far til Daniel ei syster, tante Kjersti, som er ugift. Daniel tenkjer slik om dette: «Hvis tante Kjersti blir gift, får jeg en ny onkel, men pappa sier at det skal jeg ikke regne med.» Ein finn fleire slike ørsmå og fine gløtt inn i slikt som ligg utanfor røynsleverda til Daniel, og Hæggernes presenterer dei naturleg og med varsemd.
Det skjer ikkje så mykje stort og spennande i denne teksten, og ein saknar det heller ikkje. Me er i hovudet til Daniel, i tankane han gjer seg, i fantasiane om legofigurane og i gruvling over fenomen i naturen. Og når noko avgjerande finn stad mot slutten, vert det skildra nesten utan ord, det er på ein måte utanfor teksten, slik det også er utanfor alt anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.