JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Hundre års einsemd i flokk

Rakel Solstad har skrive ein viktig roman om synlege og usynlege overgrep.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rakel Solstad har tidlegare skrive to novellesamlingar.

Foto: Benedikte Skarvik

3605
20190705
3605
20190705

Roman

Rakel
Solstad:

I for
Internat­unge

Samlaget

«Helvete er dei andre», heiter det hjå Sartre, men ein lyt hugsa at me også er mellom dei andre for somme. I flokken trivst vondskapen, av di det kjem for ein dag kven som er veik eller sterk, etter skiftande målestokkar, alltid definert av einkvan som vil ha makt.

Sende bort

I 1901 vart den første internatskulen i Finnmark vedteken, i 1999 vart dei siste lagde ned. I eit snautt hundreår eksisterte det altså ei stode der mange små born vart sende bort på skulen for ei veke eller meir om gongen. No har Rakel Solstad skrive ein god roman om dette, og samla røynsler som faktisk er kjende frå denne tida i nokre få personar som me får sjå dels i tette, nære scener frå hendingar under ein snøstorm i november 1962, og dels i referatstil frå litt eldre tider.

Sentralt i romanen står Elis, som var elev ved internatskulen i tida mellom 1948 og 1956. Her får me i byrjinga berre sjå i generelle vendingar at Elis nok ikkje hadde det særleg godt. I 1962 er han attende ved skulen, som ein slags assistent med praktiske arbeidsoppgåver. I snøstormen i 1962 har straumen gått, det er ikkje råd å frakta elevane heim i helga, og lesaren får eit lite innblikk i tilhøva mellom borna. Her er ein redd gut som heiter Frans, han har synt veikskapen sin såleis at han vert eit våpen for dei hine, og ein som er i stand til å nytta dette våpenet, er ein annan gut, Arno. Overgrepa kjem ikkje frå dei vaksne, dei er resultat av løynlege og stundom openberre hierarkiske strukturar i flokken. Og slik var det nok alltid, men det er ikkje eit særmerke ved internatskulen. Tilhøvet vert berre forstørra av at ungane er på same stad heile døgeret, heile veka.

Grove brotsverk

Ei hending kan vera ein bagatell for den eine og traumatisk for den andre. Solstad skildrar grove brotsverk, men er for det meste atterhalden, her vert det ikkje smurt på med effektar. Såleis forstår ein lidinga til Frans betre, og ein kan også ana kva Elis vart utsett for, og kva det gjorde med han. Men kven skal klandrast? Alle stader der ein samlar folk i grupper, vert det straks danna maktstrukturar. Den første dagen min i barnehagen i kjellaren i Nordberg kyrkje i Oslo, kom ein gut som heitte Sigurd bort til meg og fortalde at han var den sterkaste i heile barnehagen, og brått forstod eg korleis verda fungerer. Lærdomen er framleis gyldig.

Det var nok mange som hadde det vondt på internatskulane, men der var oasar i ørkenen, borna fekk komma heim i helgene. Såleis skil desse skulane seg frå institusjonar som guteheimane Gabriel Scott skreiv om i De vergeløse, eller den sadistiske Johanne Sofie Fougners Pikeskole, også kalla torturanstalten i Pilestredet, eller dei danske guteheimane som ein kan lesa om i Godhavnsrapporten, eller sjå om i den vonde, men gode filmen Der kommer en dag, om tilhøve, mellom anna på heimen Godhavn (i filmen kalla Gudbjerg), heilt til ut i 1970-åra.

Slik eg les boka til Solstad, gjorde dei vaksne tilsette ved internatskulen så godt dei kunne. Det var ikkje godt nok, men det var i alle høve ikkje dei som skapte det vonde. Det var der frå før, det veks med talet på individ, oftast fortare enn det gode. Ein får det ikkje vekk, korkje med øks eller Roundup. Men påminninga om at det er slik, er viktig, og Rakel Solstad har fått til ei god bok om emnet, med levande og truverdige personar som ein ikkje gløymer lett.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar
og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rakel Solstad har fått til ei god bok om emnet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis