Bok
Hundenskulturhistorie
Joakim Kjørsvik har skrive ei svært intens og vakker bok til minne om hunden Nana.
Joakim Kjørsvik brukar vide referansar når han skriv om hunden.
Foto: Tove Sivertsen
Min døde hund er den fjerde boka frå Joakim Kjørsvik sidan debuten i 2007. Så langt har han gitt ut forteljingar, ein roman og ei samling portrett (Folk jeg husker). Han balanserer fint mellom det tragiske og det komiske, og det ser ein også i årets bok, men her er det også ein god porsjon alvor og ei djup sorg på grensa til desperasjon etter tapet av hunden.
Referansar
Det har seg slik at Kjørsvik og kjærasten på ferie i Marokko kjøper ein kvalp i Casablanca, ein bastard henta rett frå gata. Nokre år seinare blir denne hunden mosa under ein bil i ei bakgate på Sagene, og det er dette som er bakteppet for ei flott dikt- og tekstsamling som spenner over eit vidt register av referansar til religion, mytologi, historie, litteratur og personlege minne fletta saman til noko som nærmar seg hundens kulturhistorie.
Nana, som hunden heiter, blir dermed løfta til noko som er større og viktigare enn eit kort hundeliv. Ja, Nana blir jamvel helgenkåra til Sankt Nana, ho blir «en helgen med hundehode», og ho blir kopla til «Sankt Rochus, bikkjenes skytshelgen. Slikk såret hans, Nana – bli udødeliggjort».
Og det finst også ein kosmisk dimensjon der Nana blir til Laika som svevar i bane der ute med «fem og trekvart dollar, til den intergalaktiske bomringen».
Hunden er menneskets beste venn, heiter det, trufast inn til døden, og dette speler Kjørsvik på når han trekker inn Alexander den stores hund Peritas som ofrar livet for å redde kongen. Peritas får ein by oppkalla etter seg, og på torget i denne byen blir det reist ein marmorstatue av hunden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.