Ho som får ting til å skje
I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.
Hilde Susan Jægtnes er manusforfattar for film og TV og har fem skjønnlitterære utgjevingar bak seg.
Foto: Paal Audestad
Roman
Hilde Susan Jægtnes:
Anitra
Tiden
Hilde Susan Jægtnes har også i andre utgivingar synt seg som ein mangearta og lite skuggeredd forfattar. Tidlegare i år kom boka som skulle vere ein forløpar til Margit Sandemos Isfolket-serie. Som ho gjorde for nokre år sidan, går forfattaren laus på historisk stoff og vidkjende personlegdomar.
Denne gongen handlar det om mange av dei som sette aller størst merke etter seg, kulturelt og politisk, i Europa frå rundt hundreårsskiftet og fram til halvvegs inn i 1900-talet. Hovudpersonen Anitra er Edvard og Nina Griegs fiktive dotterdotter.
Opplagt har det blitt ein roman der musikken har stor plass. Det er ikkje mitt felt, andre får dømme om den musikkvitskapelege gehalten held mål. I alle høve har fleire musikalske geni frå den aktuelle historiske perioden blitt levande karakterar, med både sterke og mindre flatterande sider. Framstillingane er fulle av uærbødig humor. Her er også medrivande skildringar av musikken sjølv, både av dei konkrete tonale lydane og av dei emosjonelle effektane. Ein får lyst til å gå til dei store komponistane og lytte når ein les Anitra.
«Jægtnes er ikkje redd for å gå eigne og uventa vegar.»
Mektige mytar
Eit forsøk på å gjenfortelje den mangslunge handlinga i korte trekk og med nokre lange tidshopp vil gå om lag slik: Anitra Grieg veks opp på Troldhaugen. Ho får musikken inn – ikkje med morsmjølka, mora er over alle haugar – men i staden for denne, kunne ein seie. Det er aldri nokon tvil om kva jentungen skal bli.
Den første operaen komponerer ho som tenåring. Skade (etter ei jotunkvinne) blir ein stor suksess med sjølvaste Kirsten Flagstad i hovudrolla. Det mytiske stoffet følgjer gjennom heile romanen. Anitra er intenst opptatt av kvinnemytar og gudinner, både våre eigne norrøne og dei endå eldre frå området rundt Middelhavet. I dette romanuniverset blir ikkje berre fiksjon og fakta blanda, men også det overnaturlege har ein plass. Anitra ber med seg ein spesiell talisman for kraft og støtte i det omflakkande livet som blir henne til del. Den mystiske meteorsteinen stammar frå ei eldgammal gudinne, Kybele frå førgreske kulturar. I nokre kapittel er steinen gitt ei eiga stemme.
Rett før den andre verdskrigen finn vi Anitra i Roma. Ho er sambuar og lykkeleg foreint med den tidlegare kjærasten og medmusikanten, bratsjisten Lotte. Sjølvaste Mussolini har oppdaga etterkomaren av den berømte norske komponisten, og Anitra får i oppdrag å skape filmmusikk til ein propagandafilm. Ho kjem tett på familien til Il Duce og treffer også Hitler og Goebbels. Lesaren skjønar at lykka i Roma kan bli kortvarig. Lotte er av jødisk opphav.
Å vere ei elv
Den store draumen som har følgt Anitra sidan ungdomen, er å skape ein opera om elvemyten Tevere, elva som forelskar seg og skapar seg om til ei kvinne, myten som har gitt namn til elva som renn gjennom Roma. Boka kan sjølv likne ei overdådig elv, Anitra fører oss gjennom ville stryk og fossar av kreativ energi. Ho har nok i overkant mange sideløp, innfall og digresjonar, men sjarmen og forteljegleda hentar oss inn så vi følgjer ferda på ny.
Jægtnes har skrive ein roman som imponerer og underheld, men som òg har politisk brodd. Vinklinga er gjennomført feministisk med tydeleg kritikk mot nasjonalisme og mannleg heltedyrking. Dette siste kjennest relevant i ei tid då despotar i mange land nok ein gong svingar seg opp som omsynslause krigsherrar.
«Det kritikerne hyller er allerede utdatert.» I romanen er sitatet lagt i munnen på Erik Satie. Kan hende ønskjer forfattaren å kome kritikken i forkjøpet? Jægtnes er ikkje redd for å gå eigne og uventa vegar. Etter denne kritikaren si meining, kjem ho godt unna med det.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.