Bok

Hjelpepleiarhemnen

Sunniva Lye Axelsen viser oss det vi ikkje vil sjå.

Sunniva Lye Axelsen har gjeve ut fleire romanar og ei novellesamling sidan debuten i 2011.
Sunniva Lye Axelsen har gjeve ut fleire romanar og ei novellesamling sidan debuten i 2011.
Publisert

Filmen Herfra til evigheten frå 1953 tar utgangspunkt i angrepet på Pearl Harbor i Hawaii i 1941. Det er mange som har spunne vidare på den ikoniske tittelen, og han kling nok også med i tittelvalet for Sunniva Lye Axelsens femte roman. Handlinga i boka har ikkje mykje med filmen å gjere, men i siste halvdelen reiser personane til det same området av verda. Teksten låner dessutan trekk frå ein annan film- og romansjanger, ein såkalla roadmovie.

Det vi ikkje vil sjå

Ingrid er ein uutdanna og underbetalt hjelpepleiar i ei søvnig bygd ein stad i det indre av Noreg. Kvardagen går mykje ut på å tørke bæsj og spy, for å vere like konkret som romanen er når det gjeld slike ubehagelege emne. Som kommunalt tilsett jobbar ho for luselønn under eit byråkratisk regime. Sjefen er like usympatisk som ho er løgnaktig og firkanta, særleg mot tilsette som ikkje har mot til å protestere. Ganske snart går det opp for lesaren at Ingrid ikkje berre er undertrykt av samfunnet, men at ho også blir halden nede av sine eigne stengde kjensler.

I glimt får vi tilbakeblikk på ein særs trøblete oppvekst. Ein psykolog ville nok ha gitt Ingrid diverse diagnosar. Som om det ikkje er nok å vaske heile dagen på jobb, held ho fram når ho kjem heim – dag og natt. Det sjukelege kontrollbehovet gir seg også uttrykk i at ho med mobilkameraet filmar alt som skjer, både på jobb og, når ho får det privatlivet ho manglar til å begynne med, også der. At det ikkje er først og fremst for å skaffe bevismateriale for urett som pasientar og pårørande eventuelt gjer mot henne, blir snart tydeleg. Ingrid stoler ikkje på seg sjølv. Det har ho heller ikkje grunn til.

Lyspunkta er få, men dei finst. Bestevennen er ein skrullete eksentrikar som har tatt transetendensane sine heilt ut, no som han sit heime som uføretrygda. Ingrid er også på god fot med eksdiplomaten som har trekt seg attende for å drikke seg i hel, noko ho ser ut til å greie med glans. Andre pasientar er slitsame og brutale – eller dei har ein brutal sjukdom. Ingrid er vitne til at Otto langsamt døyr av ein nådelaus muskellammande sjukdom. Slik kjem bror hans, Thomas, inn i soga. Thomas og Ingrid blir kjærastar, utruleg nok. Ingrid kan ikkje fatte at dette verkeleg skjer, det er for godt til å vere sant. Lesaren tenkjer det same og sit berre og ventar på den eksplosjonen som må kome.

Når bomba fell

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement